KM-kvalik: Jentelaget gjekk vidare, gutelaget ute

To lag frå Tambar Fotball har vore i aksjon i dagens KM-kvalik innandørs, og nok eit lag frå Tambarskjelvar IL er kvalifisert til KM-sluttspelet i Nordffjordhallen 2.-3.mars.

Jentelaget gjorde reint bord i Florø i dag, og gjekk gjennom innleiande og sluttspel med seier i alle kampane. I finalen slo dei Eikefjord 2-1.
I tillegg til finalelaga, gjekk også Førde 2 vidare til KM-sluttspelet. Dei vann 2-1 mot Førde 1 i bronsefinalen.

RESULTAT FRÅ JENTELAGET SINE KAMPAR:

Florø-Tambar 0-1
Tambar-Førde3 5-2
Eikefjord-Tambar 1-6

Semifinale: Tambar-Førde1 1-0
Finale: Tambar-Eikefjord 2-1



Gutelaget fekk det vanskeleg i ei tøff gruppe og gjekk desverre ikkje vidare til KM-sluttspelet etter dagens kampar i Florøhallen, der Florø sitt bestelag var i ein klasse for seg. Tambargutane spela jamt med dei fleste av laga, men kunne ikkje gjere noko med bestelaga til Høyang og Florø som også gjekk vidare til KM-sluttspelet.

RESULTAT FRÅ GUTELAGET SINE KAMPAR:

Tambar-Florø1 0-6
Høyang 2-Tambar 0-7
Tambar-Høyang1 1-5
Høyang 3-Tambar 2-5
Tambar-Florø2 1-2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse