Ekstraordinært kretsting 7.februar

Etter at det på leiarmøte i desember vart vedteke at ein skulle innføre 9-ar fotball som speleform for Gut 13/14 og Jente 13/14 frå inneværande sesong, har no 25 klubbar i fylket krevd ekstaordinært kretsting for å på ny stemme over speleformen for dei overnemte klassane.

SFFK skriv fyljande:

Sogn og Fjordane Fotballkrets inviterer til ekstraordinært fotballkretsting
07. februar, Skei Hotell, Skei, kl.18

Sogndal fotball, har 14.01.2013 lagt fram dokumentasjon, om at 25 klubbar ønskjer ekstraordinært tingsete. Kravet for ekstraordinært tingsete er at 1/3 av klubbane støtter eit slikt ønskje. I SFFK betyr det minimum 24 klubbar.

Årsaka til ekstraordinært tingsete, går tilbake til leiarmøte 05.12.12. IL Jotun føreslo endring av spelform for gutar og jenter 13/14 år, 11-ar til 9-ar fotball. Sjå framlegg 2 i Årsmelding 2012.

Styret si innstilling til leiarmøte var at saka skulle oversendast ei arbeidsgruppe, samansett av klubb- og kretsrepresentantar, som skulle legge fram nytt serieframlegg på tinget i Førde 30.11.2013.
Arbeidsgruppa vart vald i sak 7 på leiarmøte, men leiarmøte valde å overprøve styret si tilråding og innføre 9-ar fotball alt frå sesongen 2013 som ei prøveordning. Forslaget vart vedteke med 14-10 stemmer, og ein blank.

Styret var vitande om at prøveordninga er i grenseland i høve leiarmøte sitt mandat, men kretsen har hatt praksis ut frå fleksibilitetsomsyn, å handtere mindre serieendringar i tidlegare leiarmøte. Det har ikkje tidlegare vore reist kritikk eller merknadar.

Då vedtaket fekk fleirtall måtte styret ta ei hasteavgjersle om styret skulle følgje leiarmøte si rådgjeving eller ikkje. I ettertid ser styret at saka skulle vore avvist og flytta til kretstinget, då leiarmøte sitt mandat ikkje er godt nok til eit så tung sak.

Styret vil, ut frå årets erfaring, legge fram nokre føringar for kretstinget på kva leiarmøte kan handtere og ikkje.

Styret understrekar at det kun er serieordninga for 13/14 års klassa, som blir handsama på det ekstraordinære tingsete.

Vi minner også om at det ved meir enn ein representant frå klubb, skal vere minimum ei dame. Sjå representasjonsfordeling lenger bak.

Sogn og Fjordane Fotballkrets ønskjer velkommen!

HEILE INNKALLINGA FINN DU

HER

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse