Tambar Cup: Førde 1 vann G15/16, Tambar på tredjeplass

Det unge gutelaget til Tambar Fotball tok ein flott tredjeplass i dagens Tambar Cup for klasse G15/16. Tambar måtte sjå seg slått i semifinalen mot dagens vinnar av Tambar Cup, Førde 1, der Tambarspelarane gjorde ein god kamp trass tap.

I bronsefinalen tok Tambargutane ein solid revansje for semifinaletapet, og var det klart beste laget og vann med konfortable 6-1 mot Førde 3.

I finalen var det internt oppgjer mellom to Førdelag, Førde 1 og Førde 2. To tidligare Tambarspelarar var med å prege finalekampen, då både Daniel Grimset Kvalvågnes og Ola Rognebakke spelte på vinnarlaget.
Sluttresultat i finalen vart 4-1 til Førde 1.

I tillegg til laga nemt ovenfor, deltok også Kvammen og Gaular med kvar sitt lag. Desse to laga nådde ikkje sluttspelet.

RESULTAT FRÅ TAMBAR CUP: http://www.cupassist.com/tambarcup2013

BILDER FRÅ TAMBAR CUP søndag.

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse