A-laget spelar i 5.divisjon komande sesong

A-laget til Tambar Fotball hadde som mål å greie opprykk etter sist sesong, men som kjent tapte laget på målstreken mot Florø 3 og enda på 2.plass tre poeng bak Florølaget.

Styret mottok i går ein forspørsel frå fotballkretsen om laget var interessert i å overta 5.divisjonsplassen til Stadtlandet, som måtte trekke laget sitt for komande sesong.

Styret i Tambar Fotball har i kveld hatt møte med dei fleste av spelarane på a-laget, der ein bestemte å takke ja til plass i 5.divisjon avd.2.

På kveldens møte vart det sett ned treningstider for a-laget, der ein av treningane vil foregå på Eikefjord kunstgrasbane kvar onsdag framover, kl.19.00-20.30. I tillegg vil laget ha to økter i Naustdal.
Styret er allerede igang med å kontakte aktuelle trenarar, og ein håper at dette ikkje vil ta altfor lang tid før ein har fått dette i boks.

5.divisjon sesongen 2013 vil sjå slik ut:

Avd 1: Årdal 2, Veitastrond, Kaupanger 2, Bjørn, Syril, Dale, Lærdal, Gaular, Anga og Askvoll/Holmedal. Balestrand 2 har trekt laget sitt, Gaular tek denne plassen.

Avd 2: Eikefjord, Florø 3, Bremanger, TMFK 2, Selje,TAMBAR, Eid 2, Stryn 2, Loen og Hornindal.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse