Tre Tambarspelarar uttekne til kretssamling i Sogndal

Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer kretssamling for G99 i Sogndal lørdag 26.januar, og tre av spelarane til samlinga er frå Tambar Fotball.

Elias Rognebakke, Marius Storevik og Markus Hjelle Cirotzki (bilde) frå Tambar Fotball er uttekne, der dei ilag med dei resterande uttekne spelarane frå fylket startar med treningsøkt kl.10.00-12.00. I tillegg til trening, vert det ein intern kamp denne dagen.

Både trening og kamp vert arrangert i Sognahallen, der trenarane for kretssamlinga er Kåre Bakke og Jan Tore Jåstad.

HEILE UTTAKET: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Spelarutvikling/Aktuelt/G99--Kretssamling-i-Sogndal/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse