Påmelding til Tambar Cup 2013

Tambar Fotball arrangerer den etterkvart tradisjonelle og populære Tambar Cup i Naustdalshallen lørdag 19. og søndag 20.januar 2013 i Naustdalshallen.

Tambar Cup i januar er for gutar og jenter 13-16 år. Nytt av året er at det vert reine klasser for Gut 13, Gut 14, Jente 13 og Jente 14, og dermed er klassane SMG 13/14 og SMJ 13/14 ikkje med i årets Tambar Cup.

Dermed har lag som har tenkt å delta på årets innandørs KM muligheit til teste ut og forberede seg i cupen i Naustdalshallen. Som kjent vil dei same klassane bli spelt i innandørs KM som går av stabelen i starten av februar (kvalik) og starten av mars (sluttspel).

I dei eldste klassane vert det spelt som tidligare, Gut 15/16 og Jente 15/16.

Meir info og påmelding til TAMBAR CUP 2013 finn du her:

Les mer: Tambar Cup, Hall


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse