Tambargutar teken ut til SFFK sin Fotballskule 2013

Tre gutar frå Tambar Fotball er blitt tekne ut til Sogn og Fjordane Fotballkrets sin Fotballskule i 2013. Tambarspelarane som representerer Tambar Fotball er: Mathias Gamlestøl, Sander K.Nordheim og August Thingnes (bilde).

Uttaket gjeld spelarar fødd i klasse 2000, og skal ha desse samlingane på starten av nyåret i Førde på Hafstadparken:

9.januar
30.januar
13.februar
6.mars
3.april

I tillegg vert det turnering 13. eller 14.april.

Av alle spelarane på samlingane, vert det plukka ut 16 spelarar og 2 keeperer.

Torbjørn Glomnes er sportsleg ansvarleg for tiltaket.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse