A-laget med oppsummering og prisutdeling

16 spelarar frå A-laget var samla då laget oppsummerte årets sesong og la planer for sesongen 2013.
I tillegg til spelarane møtte også Tony Fagerdahl, som trente laget frå februar og fram til sommarferien. Oppmann for laget, Helge Sølvberg var også til stades, samt leiar for Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen og matrialforvalter Frank Cirotzki.

Det vart delt ut to prisar denne kvelden, toppscorar-prisen og prisen for spelaren som hadde delteke på flest treningar.
Iben Munkvoll (bilde) drog heim toppscorarprisen, medan Espen Langedal hadde vore den mest trufaste på treningane.

I tillegg til prisane vart svensketrenaren påskjønna med eit gåvekort frå Din Sport.

NOKRE FLEIRE BILDER:

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse