Reine årsklasser i Gut/Jente 13 og Gut/Jente 14 i innandørs KM

Sogn og Fjordane Fotballkrets har sendt ut informasjon om at det vert reine årsklasser for gut/jente 13 og gut/jente 14 i aldersbestemt-KM innandørs. Dermed blir klassane smågut 13/14 og småjente 13/14 fjerne frå det komande innandørs-KM.

SFFK begrunner endringane med bl.a.:

- "Grunnlaget for denne endringa er at mange 13 åringar til no ikkje har fått delta på KM-aldersbestemt innandørs, sidan 13 åringane var blanda med 14 åringane i ein klasse.
SFFK har gjort undersøkingar på dette og det er svært få 13 åringar som faktisk har delteke i 13/14 års-klassa.

Vi ønskjer at også 13 åringane skal få ta del i denne utroleg kjekke spelforma og spennande turneringa som KM-arrangementet er, og ikkje minst få spele mot andre lag og klubbar som ein til vanleg kanskje ikkje møter. "

Kvalifisering aldersbestemt innandørs-KM vert arrangert 2.-3.februar, medan sluttspelet vert arrangert 2.-3.mars. Kor kvalifiseringa og sluttspelet vert spelt, er enno ikkje bestemt.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse