Småjenter og smågutar spelar 9-er fotball neste sesong

På leiarmøte som Sogn og Fjordane Fotballkrets holdt på Skei Hotell i kveld, vart det vedteke at ein innfører 9-er fotball for småjenter og smågutar frå neste sesong. Det betyr at 11-er fotball for desse to klassane ikkje vert å finne i seriesystemet til SFFK frå og med sesongen 2013. Vedtaket vart fatta med 14 mot 10 røyster.

Norges Fotballforbund har allerede planer om å innføre 9-er fotball på landsbasis frå og med sesongen 2014, men SFFK innfører altso ordninga allerede frå komande sesong.

Spelereglar og kva type baner ein speler på i denne speleforma, er enno ikkje bestemt. Det er sett ned komite som skal utarbeide desse, og ein vil venteleg få det klart om kort tid. Vi trur at størrelsen bana i 9-er fotball blir mellom 16 meterene på ei 11-er bane, og at offside blir praktisert på lik linje med 11-er fotball.

7-er fotball vil fortsette i sin vanlege form, også for småjenter og smågutar.







Sogn og Fjordane Fotballkrets har fått mange reaksjonar etter kveldens vedtak, både positve og negative. Under ser du nokre av reaksjonane på SFFK si Facebook-side:


- "Synd for fotballen!!"

- "Bra for fotballen. Er det riktig at 13-åringar skal spele på same banestørrelsen som senior? Dette gjer fleire innvolveringar og meir intense kampar. I Spania og Frankrike er dette kvardagen og dei er vel ikkje så verst å spele fotball?"

- "Eg ser ikkje problemet med at dei spelar på 11'ar bane, det har dei alltid gjort:) Messi har alltid spelt på stor bane, men kun trent med lage innanfor 16m, er ganske ok han og;)
Men heilt greit og prøva:) Bli sikkert bra:)"

- "Heilt eing, dette er synd og tull ! Gjerne 9àr fotball, men det burde absolutt vere eit 11àr tilbod for dei beste laga i fylket !"

- "Det beste vedtaket i Sffk ever ! Takk til leiarar , dette vil garantert heva alle unge framover."

- "Fotball er Norges desidert mest populære idrett for barn og unge, likevel skal vi endre og forandre heile tida, kvifor ? Kva er argumentasjonen for alle desse endringane ? Kvifor endrar vi og kve nytte skal det gjere ? Kampane utgjer kun ein liten del av den totale fotballaktiviteten til ungane, det er på treningane dei skal ha touch på kula i bøtter og spann ! 9àr fotball er sikkert eit flott tilbod, men dei beste laga og beste spelarane bør definitivt ha eit 11àr tilbod. Tullevedtak, enkelt og greit !"

- "Tull eller ei, dei beste 14 åringane i fylket vil garantert spela på gutte og jente lag som hospitantatar da får dei 11 ar . Kva er da problemet ?"

- "Spennande vedtak. Vi treng større variasjon, og for meg gjerne både 3´ar og 5´ar-fotball. Men vi må heller ikkje gløyme grunntanken på 11´ar. Håpar difor dette blir både pose og sekk ."

- "Kvelden er øydelagt !!!! Spelaravvikling på høgt nivå !! Ingen 11-arserie for 14-åringar i SFFK !! Dette må endrast !! La oss få ein 1.div smågutt for 11-ar i 2013 !! No blir det verkelg tungt å motivere seg til nye dugnadstimar for fotballen i fylket. Kvelden er øydelagt !!"

- "Heilt einig. Saknar argument for dette vedtaket. Kva vil ein oppnå? Kva er målet?"


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse