A-laget spelar 6.divisjon også i 2013-sesongen

A-laget hadde som målsetting før årets sesong å rykke opp ein divisjon, til 5.divisjon. Med trenarkrefter frå Sverige var det optimisme i spelargruppa og støtteapparatet rundt laget, og laget spela mange gode treningskampar før sesongstart.

Som kjent fekk laget seg ein nasestyver allerede i den fyrste seriekampen på våren, då dei tapte heimekampen noko ufortent mot Tempo.
Utover sesongen gjekk det mykje bedre, og laget enda til slutt på 2.plass i 6.divisjon avd.2., 3 poeng bak Florø 3 som vart vinnar av avdelinga.

Etter sesongslutt har det vore noko usikkert om Florølaget kom til å takka ja til plassen dei fekk i 5.divisjon. Viss dei takka nei til spel i divisjonen til neste sesong, hadde dermed Tambar fått muligheit til å ta Florø 3 sin plass.

Florø FK melder i dag at dei kjem til å takke ja til plassen i 5.divisjon for sesongen 2013. Dermed må Tambar også neste år spele kampane sine i 6.divisjon.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse