FIFA 13 turnering i gamle gymsalen

Komande laurdag blir det arrangert Fifa-turnering i gamle gymsalen på Naustdal barne- og ungdomsskule. Her blir den beste fotballspelaren via storskjerm kåra, og dei viktigaste kriteriane for å nå lang er at ein er kjapp med fingrane på spelekontrollen.

Her vert det først gruppespel, der dei to beste i kvar gruppe går vidare til sluttspelet.

Det er gutar frå 8.klasse som inviterer til turneringa, der dei lokker med flotte premiar for dei tre beste spelarane. Gåvekort på heile kr. 750.- går til 1.plassen, medan 2. og 3. plass kan ta med seg eit gåvekort på kr. 500.- og kr. 250.-

Påmeldinga foregår i elevkantina i forkant og turneringa startar opp kl.15.00. Turneringa har plass til max 50 spelarar, der fyrstemann til mølla gjeld. Det vert salg av pizza og brus.

Turneringa er åpen for gutar og jenter i alderen 12-17 år.
Påmeldingsavgifta er kr.150.-

Vi ynskjer arrangøren lukke til med arrangementet.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse