Jacob vann Tullenprisen

Under Miljøhelga som Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer på Sunnfjod Hotel i Førde i helga, vart årets Tullenpris tildelt tidligare Tambarspelar og Naustdalsgut Jacob Storevik.

Tullenprisen blir kvart år delt ut til unge fotballspelarar frå fylket som har gjort seg bemerka på kretslag og landslag. Som dei fleste veit har Jacob hatt ei rivande utvikling dei siste par åra, der han har vore innom kretslag, 3.divisjon og landslag, før han flytte til Trondheim og Rosenborg i sommar. Også etter flyttinga til Trøndelag har pila peika oppover for Jacob, og prisen han får i dag meiner vi er fullt fortent for den talentfulle Naustedølen.

Vi gratulerer Jocob med Tullenprisen!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse