Naustdalshallen er stengt for trening fredag

All trening for Tambar Fotball i Naustdalshallen fredag 16.november er avlyst. Grunnen er at dei sterke damer og menn frå Naustdal skal delta i Lag NM i vektløfting i hallen denne helga.

Baneforholda på Naustdal stadion er for tida gode, og det er ikkje trangt om plassen heller. Einaste lag som har meldt inn trening fredag, er smågut/gut. Dei trener kl.17.00-18.30.

Elles oppfordrar vi alle til å møte opp og heie på våre eigne på vektløftarstemnet. Stemnet startar med ungdomane fredag kl 15.00, og held fram med veteranar og Noregscup. Laurdag er det junior, dame og eliteklassane som skal i elden.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse