Smågutelaget enda på ein flott 4.plass i Førde Cup

Tambar 2 sitt smågutelag, som vann sølv i B-sluttspelet.

Fire lag frå Tambar Fotball har vore i aksjon i dagens Førde Cup, der det i dag har vore spelt sluttspelskampar.
Best av alle vart Tambar sitt eine smågutelag, som til slutt enda på ein sterk 4.plass totalt, etter at laget måtte gi tapt for Jølster i bronsefinalen i A-sluttspelet.

Tambar sitt andre smågutelag spelte seg heilt fram til finalen i B-sluttspelet, men måtte sjå seg slått av Bjørn IL i ein jamn kamp.

Småjentelaget, som gjekk gjennom dei innleiande kampene utan tap, vart slått ut i sluttspelets første kamp. I åttandedelsfinalen rauk dei 2-1 mot Radøy/Manger, der motstandarene avgjorde heilt på slutten.

Jentelaget tok seg fram til finalen, etter å ha slege Bergen Nord/Hovding 1-0 i semifinalen. I finalen vann Tambarjentene 1-0 mot Larsnes.

Resultat frå søndag:

SMÅJENTER, A-sluttspel:
1/8 finale: Tambar-Radøy/Manger 1-2


SMÅGUT, A-sluttspel:

1/8 finale: Tambar 1-Tjørvåg 2-1
1/4 finale: Tambar 1-Askvoll/Holmedal 4-3
Semifinale: Tambar 1-Florø 2-4
Bronsefinale: Tambar 1-Jølster 0-7

SMÅGUT, B-sluttspel:

1/4 finale: Tambar 2-Førde10 10-9 (e.e.o og straffer)
Semifinale: Tambar 2-Kaupanger 3-1
Finale: Tambar 2-Bjørn 1-2


JENTE, B-sluttspel:

Semifinale: Tambar-Bergen Nord/Hovding 1-0
Finale: Tambar-Larsnes 1-0



BILDER FRÅ FØRDE CUP 2012

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse