Bana er stengt - treningstider inne i hallen

På grunn av snøen som kom så brått sist veke, er bana stengt inntil vidare. Den vil ikkje bli brøyta med det fyrste, og banestyret håper at mildare vær vil gjere susen slik at snøen forsvinn av seg sjølv om kort tid.

Når det gjeld treningstider i Naustdalshallen, vil dei bli sett opp då styret har fått kartlagt kva lag som ynskjer tider framover.
Tambar Fotball har pr. dags dato nokre treningstimar på tirsdag og fredag. Desse treningstidene er inntil vidare forbeholdt smågute- og gutelaget, småjente- og jentelaget, og junior/senior. Desse laga har allerede starta treningane inne, og skal delta på Førde Cup i Førdehuset 9.-11.november.

Endelege treningstider for vinteren vil bli fastsett på trenar- og oppmannsmøte i november. Dato for dette møte er enno ikkje fastsett.

Treningstider i hallen inntil vidare:

Tirsdag 17:00-18:30 JENTER/SMÅJENTER
Tirsdag 18:30-20:00 GUTAR/SMÅGUTAR

Fredag 17:00-18.30 GUTAR/SMÅGUTAR
Fredag 18:30-20:00 JENTER/SMÅJENTER
Fredag 20:00-22:00 JUNIOR/SENIOR

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse