Jacob vart NM-mester med Rosenborg etter scoring og redning

Bilde: Jacob Storevik, Rosenborg BK. Foto: rbk.no

Jacob Storevik, Naustdalsgut og tidligare Tambarspelar, fortset sine bragder i Rosenborgdrakta.
Lørdag ettermiddag vokta Jacob målet til Rosenborg i NM-finalen for juniorar (G 19) mot Brann, noko som skulle bli ein skikkeleg opptur for 16 åringen. Det vart ein jamnspela kamp, der laga følgde kvarandre kampen igjennom, og stillingen ved full tid var 2-2. I ekstraomgangane vart det ikkje scora mål til nokon av laga, og kven som kunne stikke avgårde med NM-pokalen måtte dermed avgjerast på straffesparkkonkuranse.

Jacob jorde jobben sin då han var frampå og scora på Rosenborg si første straffe. Med redning av straffe frå Brann, vart dette ein optimal og gledens dag for Jacob.

Kampen vart spelt på Brann stadion med 3000 tilskodarar tilstades.


Vi gratulerer Jacob med NM-gullet og dei store prestasjonane han gjer på bana !


LES MEIR OM PRESTASJONANE TIL JACOB:

"Tok sitt første cupgull med RBK", Nrk Sogn og Fjordane: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8374728

"Keeper Storevik var sikker som banken fra krittmerket", Nettsida til RBK: http://www.rbk.no/news/article/u3n0tw7ck93o12n0td7emh2qa/title/--en-stor-laginnsats


Kampfakta: ( Henta frå rbk.no)
Brann U19 - Rosenborg U19 (1-1) 2-2 (3-5 etter straffer)
Finale, Norgesmester G19 2012
Brann Stadion, Bergen
27. oktober kl. 14.00
3 007 tilskuere

Mål:
0-1 Robin Bjørnholm 14'
1-1 Steffen Lie Skålevik 36'
1-2 Martin Lundal 59'
2-2 Jonas Grønner 63'

Straffemål:
3-2 Kristoffer Barmen
3-3 Jacob Storevik
3-4 Daniel Kvande
3-5 Alexander Sørloth

Gult kort:
Kristoffer Barmen 84'

Rosenborg (4-2-3-1):
Jacob Storevik
Øyvind Alseth - Daniel Kvande - Mikal Bjørnstad - Martin Lundal (Stegavik 83')
Lars Togstad - Magnus Blakstad
Ben Feirud (Øien 64') - Alexander Sørloth - Sindre Haarberg (Iqbalzadeh 64')
Robin Bjørnholm

Brann (4-4-1-1):
Øystein Øvretveit
Ståle Tveit - Jonas Grønner (Nysæter 106') - Henrik Gjesdal - Andreas Vindheim
Kjetil Kalve (Larsen 89') - Eirik Birkelund (Pedersen 106') - Kristoffer Barmen - Kasper Skaanes (Kvist 83')
Bård Finne
Steffen Lie Skålevik

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse