Bylagsturnering på Naustdal stadion søndag 28.oktober

Sogn og Fjordane fotballkrets arrangerer turnering i Bylagsserien på Naustdal stadion søndag 28.oktober. Meininga var at denne turneringa skulle avviklast på dei nye kunstgrasbanene på Hafstad i Førde. Men då desse ikkje vart klare til bruk innan søndag, tok Tambar Fotball utfordringa på strak arm då dei vart førespurde om å arrangere.

Bylagsserien stiller med tre lag, Bylag Sunnfjord, Bylag Nordfjord og Bylag Sogn der spelarar i årsklassane 1999-1998 deltek. Representantar frå SFFK har teke ut spelarane til samlinga.

Tambar Fotball stiller med totalt fire spelarar i Bylagsserien: Elly Kalland, Marius Storevik, Elias Rognebakke og Simon Indrekvam.


Kampoppsett Naustdal søndag 28. oktober:

Kl 1100 Sunnfjord jenter vs Nordfjord jenter
Kl 1200 Sunnfjord gutar vs Nordfjord gutar
Kl 1300 Sogn jenter vs Nordfjord jenter
Kl 1400 Sogn gutar vs Nordfjord gutar
Kl 1500 Sunnfjord jenter vs Sogn jenter
Kl 1600 Sunnfjord gutar vs Sogn gutar



 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse