SMG: Avslutta sesongen med 5-1 seier

Bilde: Jesper, Sigve og Jakob.

Smågutelaget til Tambar Fotball avslutta i kveld sesongen med sin sjuande strake seier då Førde 2 vart slegne 5-1 på Naustdal stadion. Dermed vart laget suverene vinnarar av 3.div avd. 2 med sju seierar av sju mulige og 31 poeng, og med ein solid målskilnad på 58-11.

Kveldens kamp mot Førde 2 var jamnspelt store delar av fyrste omgang, der begge laga hadde sine sjansar. På slutten av omgangen var det Tambar som fekk utteljing, då Dan Joar Vårdal var frampå og førte heimelaget opp i 1-0 leiing. Heilt på tampen av omgangen gjekk Tambar opp til 2-0 då Sigve Heggedal Longvastøl var frampå med si fyrste scoring for kvelden.

I andre omgang hadde Tambar eit bra tak på gjestane frå Førde, og tidleg i omgangen gjekk Tambar opp til 3-0 etter scoring av Jesper Tomassen.
Sjølv om Førde 2 var frampå og reduserte til 1-3, hadde heimelaget god kontroll på gjestane, og ytterliggare to mål til Tambar i denne omgangen gjorde att laget kunne gå av bana med ein konfortabel 5-1 seier. Dei to siste måla vart sett inn av Simon Indrekvam og Sigve, som scora sitt andre mål i kampen.

Svein Arne Nordheim, som har dømt dei fleste heimekampane til smågutelaget, dømte på ny ein god kamp i kveld.

SMG Tambar-Førde2 5-1 (2-0)

1-0 Dan Joar Vårdal
2-0 Sigve Heggedal Longvastøl
3-0 Jesper Tomassen
3-1 Førde 2
4-1 Simon Indrekvam
5-1 Sigve Heggedal Longvastøl

TABELL http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=133582

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse