SMG: Tok sin sjette seier på rad borte mot Førde 4

Smågutelaget har gått gjennom haustsesongen med seks seierer av seks mulige etter at laget i kveld vann 5-3 i bortekampen mot Førde 4.

Det var Førdelaget som kom best i gang på kunstgraset på Førde stadion i kveld, då dei var frampå med kampens fyrste mål etter berre nokre få minuttars spel.
Fyrste omgang vart ein jamnspelt kamp mellom laga, og begge lag hadde sjansar til score ved fleire høve. Tambar utligna omlag midtvegs i omgangen ved Elias Rognebakke, og laga gjekk til pause med 1-1.

I andre omgang hadde Tambar bra kontroll på kampen, og Simon Indrekvam sette inn både 2-1 og 3-1 målet for Tambar, den siste på starffe etter at Elias vart felt innafor 16-meteren.
Jesper Tomassen lurte forsvaret trill rundt då han sette ballen i nota og auka leiinga til Tambar til 4-1.

Då det såg ut til at Tambar skulle dra iland ein konfortabel seier, kom heimelaget med ein sluttspurt på tampen. Førde reduserte med to kjappe scoringar til 2-4 og 3-4, og hadde vel eit håp om å berge eit poeng.
Men Tambar og Dan Joar Vårdal ville det annaleis då han sette spikaren i kista med kampens siste scoring like før kampslutt.

Tambargutane har gått gjennom haustsesongen med seks seierer, og har allerede vunne avdelingen sin før siste kampen mot Førde 2 neste mandag.



SMG Førde 4-Tambar 3-5 (1-1)

1-0 Førde 4
1-1 Elias Rognebakke
1-2 Simon Indrekvam
1-3 Simon Indrekvam (str)
1-4 Jesper Tomassen
2-4 Førde 4
3-4 Førde 4
3-5 Dan Joar Vårdal


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse