G12: Avslutta sesongen med 3-3 mot Førde

Fotballsesongen er på hell for mange av Tambarlaga, og torsdag kveld avslutta G12 med uavgjort i årets siste kamp. Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå kampen mot Førde:

Det ble en svært jevnspelt kamp mellon Tambar og Førde på Naustdal stadion torsdagskvelden. Etter at kampen sto litt og vippa, kom kveldens første målsjanse til Tambar. Sander kom åleine med målvakta, men ei god redning gjorde til at det ikkje blei nettkjenning. Istedenfor gjekk Førde opp i 1-0 ledelse godt halvegs ut i omgangen.

Etter dette tok Tambar meir over, og scoret 2 flotte mål. Da alle trudde at Tambar skulle gå til pause med ein knapp ledelse, scoret Førde igjen, slik at pauseresultatet var 2-2.

Etter pause startet Tambar friskt, og eit flott gjennomspel sendte nok ein gong Tambar igjennom åleine med målvakta. Denne gang var det Stig Arild som avslutta, men blei såpass hardt pressa, at skuddet gjekk like utanfor.

Etter dette ble det meir stillingskrig, og det såg ut til at det skulle ebbe ut med 2-2. Men, eit litt heldig mål til Førde, gjorde til at kampbildet endra seg. Tambar klarte å utøve eit visst press i sluttfasen, og etter mykje ”nesten mål”, klarte dei til alt hell å få lirket inn utligningen. Dette sto seg kampen ut, og 3-3 tegnet egentlig eit godt bilde av kampen.

Målscorere denne gang var: Mathias (2) og Sander (1).
Disse var med: Håvard, Daniel, Stig Arild, Adrian, Sander, Mathias, Gard, David og Eirik.

Tambargutane har hatt ein flott sesong, og vi satser på å bygge videre på dette, nå som smågutar.

Tambar G12 skal avslutte sesongen med Bend It i Sogndal på søndag, noko vi alle gleder oss til.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse