J15/16: Spennande kamp mellom Tambar og Gaular

Pause og ly frå regnet !

Trenar for Tambar Fotball sitt jentelag, Jan Magne Langedal, har sendt oss denne rapporten etter laget sin kamp mot Gaular på stadion mandag kveld:


" Værgudane var som vanleg imot oss, då Gaular sitt jentelag vitja Naustdal måndag kveld.
Dette var kamp om 2. plassen i serien. Askvoll/Holmedal har allereie vunne avdelinga.

Tambarjentene hadde eit surt 4-3 tap frå Sande å revansjere. Om det var dette som tende
jentene, skal vere usagt, men innsatsen var i alle fall på plass, då Svein Arne Nordheim bles
kampen i gang. Tambar hadde berre 8 spelarar tilgjengeleg til denne kampen, og desse
kjempa hardt for at poenga skulle bli igjen i Naustdal.

Kampen var like jamn som resultatet tilseier. Spelet bølga fram og tilbake, og sjølv om
heimelaget ” brende” ei straffe, og hadde to gigantiske målsjansar dei siste fem minutta,
får vi seie oss nøgde med poengdeling. Dette poenget var nemleg nok til at jentene sikra
seg 2. plassen i serien.

Alle jentene skal ha ros for ei fin forestilling.
Iris scora 3 av måla. Det siste blei ekspedert av Marie. Sluttresultatet vart 4-4.

Desse jentene var med i kveldens kamp:
Stine Hukseth, Birgitte Nordnes, Camilla B. Kibsgaard, Martine Herstad, Marie Vefring Iris Aase, Maria Slettehaug og Hilde Langedal.

Svein Arne Nordheim leia kampen med fløyta på ein framifrå måte. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse