SMG: Tambar med femte strake seier

Sander Nordheim og Sigve Heggedal Longvastøl.

Smågutelag tok sin femte strake seier då dei vann mot Førde 6 på Naustdal stadion i kveld, og tok nok ein storseier med 9-1 mot Førdegutane.

Allerede etter få minutter av kampen var Sigve Heggedal Longvastøl frampå og kjempa inn kampens fyrste mål. Dette skulle også sette standaren for Tambarspissen og laget, for til pause leda Tambar med konfortable 5-0, etter at Sigve hadde putta på ytterliggare to mål i denne omgangen.
Tambar var det førande laget og hadde full kontroll i denne omgangen.
Dei to andre måla vart sett inn av Simon Indrekvam, på ein sikker straffe, og Sander Nordheim som breidsida eit flott innlegg kontant i mål.

Andre omgang vart det noko meir Hawaii-preg over, og spelet vart på langt så bra som vi såg i fyrste omgang. Men sjølv om laget frå Førde fekk sett ein ball bak Tambarkeeperen, hadde Tambargutane god kontroll også denne omgangen og scora fire mål. Jesper Tomassen, Elias Rognebakke (2) og nok ei scoring av Sigve gjorde at laget kunne gå av bana med solide 9-1.

God dommer var Jan Petter Sæbø.

SMG Tambar-Førde6 9-1 (5-0)

1-0 Sigve Heggedal Longvastøl
2-0 Simon Indrekvam (str)
3-0 Sigve Heggedal Longvastøl
4-0 Sigve Heggedal Longvastøl
5-0 Sander Nordheim
6-0 Jesper Tomassen
7-0 Elias Rognebakke
8-0 Sigve Heggedal Longvastøl
8-1 Førde 6
9-1 Elias Rognebakke

Tambar sitt lag: Thomas Personbråten, Markus Cirotzki, Martin Hukset, Simon Indrekvam, Samson Vonen, Sivert Andal, Dan Joar Vårdal, Elias Rognebakke, Sander Nordheim, Mathias Gamlestøl, Jesper Tomassen, Sigve Heggedal Longvastøl, Jakob Helgheim.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse