Daniel G. Kvalvågnes (15) redda plassen til Førde 2

Tidligare Tambarspelar Daniel G.Kvalvågnes.

Tidligare Tambarspelar, Daniel Grimset Kvalvågnes, scora Førde 2 sitt einaste mål i 4.divisjonsoppgjeret mellom Førde 2 og Sandane. Kampen enda 1-1, og Daniel si utligning etter 55 minutters spel gjer at Førdelaget mest truleg klarer å berge plassen sin i 4.divisjon.

Den tidligare målgarantisten frå Naustdal scora jamt og trutt på dei aldersbestemte laga i Tambar Fotball, og fekk også med seg nokre kampar og scoringar på Tambar sitt 6.divisjonslag i vår.

15 åringen meldte overgang til Førde IL i sommar, og fekk eit innhopp i 3.divisjonsoppgjeret mellom Førde og Eid for ei veke sidan.

Vi tykkjer det er stas med Daniel sine prestasjonar på fotballbana, og ynskjer han lukke til vidare!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse