Jacob Storevik spelar NM-finale mot Brann

Tidligare Tambarspelar, Jacob Storevik, vokta buret då Rosenborg sitt G19 juniorlag vann semifinalen mot Strømsgodset på Lerkendal stadion i dag.

Jacob spela på gutelaget til Tambar Fotball seinast i fjor vår. Sommaren 2011 meldte han overgang til Florø SK, og fekk sin debut og fleire kampar i 3.divisjon.
Jacob flytta til Trondheim og Rosenborg i sommar, og går på videregåande skule i tillegg til spel på juniorlag og 2.lag til Norges største fotballklubb.

Rosenborg vann 4-1 etter å ha leda 2-1 til pause. Den einaste scoringa til Strømsgodset kom på straffespark i det 29.minutt.
Brann vert motstander i NM-finalen for Jacob og resten av Rosenborglaget.

Vi gratulerer mister Storevik med dei flotte prestasjonane og ynskjer han lukke til vidare.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse