G12: Storseier borte mot Kyrkjebø

Trener Svein Arne Nordheim.

Vi har tidligare refferert til storseierar til både smågutelaget og småjentelaget denne veka, og nok ein storseier vart det då Tambar Fotball sitt G12 spela bortekamp mot Kyrkjebø torsdag kveld. Trenar Svein Arne Nordheim seier dette om storseieren i Sogn:


" Tambar G12 møtte torsdagskvelden Kyrkjebø til kamp i Sogn. Og gutane kunne ikkje være noko dårlegare enn det smågutane og småjentene hadde vore denne veka, og kom heim igjen med storseier.

Etter ein førsteomgang som forløp seg til eit sjansesløseri, blei andreomgangen det stikk motsatte. Etter og ha ledet 4-0 til pause, blei vi einige i pausen at vi skulle prøve å få opp presisjonen i avslutningsfasen. Og dette ga resultat umiddelbart. Tambar putta på ytterligare 12 mål i andreomgang, slik at sluttresultatet ble 16-0.

Og som resultatet tilseier, det var spel mot eit mål.

Flott innsats av alle gutane.

Disse var med: August, Mathias, Håvard, Sander, Daniel, Adrian, David og Stig Arild. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse