SMJ 13/14: Utklassa småjentene frå Eikefjord

Tambar hadde få problemer i kveldens småjentekamp på Naustdal stadion, og gjestane frå Eikefjord måtte reise heimatt med heile 2-18 etter kampslutt. Tambarjentene spela ein god kamp, der alle spelarane jobba godt for kvarandre og la ned ein god porsjon innsats.

God dommer var Henrik Aase.

Småjentelaget ligg på 2.plass i J13/14 avd.4, berre tre poeng bak Jølster. Laget kan gå heilt til topps om laget vinn dei tre siste kampane sine. Dermed har laget ein god sjanse til å få spele om KM-tittel.

Neste kamp spelar Tambarjentene borte mot tabelleinar Jølster. Tambar har møtt dette laget to gonger tidligare i sesongen, der det vart ein seier og eit tap. Så dette vert spennande!

Trenarteamet for småjentelaget er Athina Karipi Alisøy, Jan Magne Åsnes og Jan Magne Langedal, og lagleiarar er Solfrid Bygstad og Elisabet Ask.


KLIKK LINK UNDER FOR Å SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse