SMG: Utklassa Florø 2 på heimebane

Smågutelaget til Tambar Fotball utklassa tirsdag kveld Florø 2 på Naustdal stadion og laga målfest då laget vann heile 14-0.

Kampen skulle egentlig gått i Florø Mandag kveld, men vart flytta til Naustdal då det var kapasitetsproblem i Florø.

Når vi ser på resultatet i kampen, er det ikkje overraskande når vi nemner at Tambargutane hadde full kontroll gjennom heile kampen. Laget fekk vist mykje bra spel og mange flotte mål vart sett i nota bak Florøkeeperen. Til pause var stillingen 3-0.

God dommer i kampen var Svein Arne Nordheim.

Tambar ligg no på toppen av tabellen i SMG 3.divisjon avd.2 med fire strake seierer og 12 poeng. Gutane har scora mykje mål og slept inn få i haust, og målskilnaden er 39-6.

Neste kamp er mot Førde 6 fyrstkomande mandag på Naustdal stadion.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse