Bendit Cup på Naustdal stadion i dag

Presis klokka 10.00 idag blir dei fyrste fem kampane blåst i gang på Naustdal stadion, då Tambar Fotball arrangerer Bendit Cup for sjette året på rad.

Arrangøren er svært godt nøgd med årets antal påmelde lag, som til slutt enda på 87 lag fordelt på lørdag og søndag. Som vanleg er det flest lag påmelde i dei yngste klassane som speler på lørdag, og ein har desverre måtte sei nei til fleire lag som ynskja å melde seg på til denne dagen.

Bendit Cup har ein sunn profil, der ein har fokus på sunne salsvarer denne dagen på stadion, der frukt, juice og smootie frå BAMA vert å få kjøpt i kiosken og salgsteltet. I tillegg vil dei ettertrakta Tambar-lappane, pølse i brød, pizzabrød og anna bli mulig å få kjøpt.

Vi ynskjer alle velkommen til ein flott fotballdag på stadion !

Bilder frå lørdagens kampar og stemning på stadion blir å finne seinare i ettermiddag/kveld.




KAMPOPPSETT: http://www.cupassist.com/benditnaustdal2012

DOMMEROPPSETT: https://docs.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYN2dTZTllREtCNVE/edit

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse