6. divisjon: Tambar slo avdelingsvinnaren 4-2

Det kunne ha vore avdelingsfinalen i 6.divisjon avd.2 då Tambar møtte Florø 3 i flomlyset på stadion i kveld, men det vart det ikkje. Noko av skulda for det, er nok dei tre poenga Tambar la att i Florø mot fjedelaget tidligare i haust. Men også poengtap i starten av sesongen, gjorde det vanskeleg å kome heilt på høgde med Florølaget utover i sesongen.

Dermed var det andreplassen heimelagat hadde å spele for, i tillegg til revansje for tapet laget hadde for kveldens motstander sist dei møttes.

Tambar var heller tafatte i fyrste omgang i kveldens kamp, og einaste sjansen laget hadde i denne omgangen kom ved eit godt slått frispark av Henrik Aase som Joakim Engebø stanga i mål. Uheldigvis for Tambar vart målet annulert for offside.

Laga gjekk til pause med 0-1 leiing til bortelaget etter scoringa dei fekk etter omlag 20 minutter ut i omgangen.

I andre omgang heng Tambar meir med, og det er fint pasningsspel laget viser før Iben Munkvoll scorer og utligner til 1-1.

Florø scorar og går opp til 2-1 etter 20 minutt ut i omgangen.

På ny viser Tambar fin-fint spel, der pasningane sit og bevegelsane er riktige, og angepet blir avslutta ved at Andrè Sølvberg rundar eit par Florøspelarar og set ballen kontant i Florømålet. 2-2!

På ny herjar Andrè på venstrekanten, og Florøspelarane vert brukt som rundingsbøyer. Han kjem seg til dødlinja og får lagt inn. Fleire Tambarspelarar står klare og ventar på inlegget, der Iben med heltemodig innsats inne i boksen må ut med krampe i begge beina.
"Heile guten sprella som ein makrell i Førdefjorden" ifylje Espen.

Men tilbake til refferatet..... inlegget frå Andrè fekk Anders Aase siste fot på og Tambar var i leiinga for fyrste gong i kampen. 3-2!

På tampen av kampen får Tambar frispark frå 18-19 meter. Henrik Aase setter den med eit knallhard markkryper mot mål, ballen er innom ein Florøspelar før den endar bak gjestane sin keeper og i mål. 4-2!

Tambar vinn fortent mot avdelingsvinnaren i kveld. Sjølv om laget opptredde noko tafatt i fyrste omgang, kom dei sterkt tilbake i andre omgang. Forsvaret snører godt igjen, midtbana spring og jobbar godt og laget scorer fire mål. Marius Herstad har hatt ein god haust i Tambarmålet, og gjer nok ein god kamp i kveld.
Tambar endar på 2.plass i avdelinga, tre poeng bak Florø 3. Dermed må laget spele i same divisjonen også neste sesong.

Vi gratulerer Florø 3 som avdelingsvinnar i 6.divisjon avd.2.


Kampfakta:

TAMBAR-FLORØ3 4-2 (0-1)

0-1 Flørø
1-1 Iben Munkvoll
1-2 Florø
2-2 Andrè Sølvberg
3-2 Anders Aase
4-2 Sjølvmål (Henrik Aase)


TABELL http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=130913

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse