J 15/16: Tambar laga målfest mot Florø

Bilde: Lena og Stine.

Jentelaget til Tambar Fotball var skikkeleg på høgget då laget møtte Florø på Naustdal stadion mandag kveld. Heile sju av spelarane på laget kom på scoringslista, der Iris Aase vart mestscorande med fem mål.
Også trenar Jan Magne Langedal var nøgd etter kampen og har sendt oss denne oppsummeringa frå målfesten:


" Jentelaget reiste seg etter to tap på rad.
Sende Florø heim att med 16 baklengs i bagasjen.

Tambar sitt jentelag tok ein grusom revansj, etter det forsmedelege 4-3 tapet mot Gaular. Florø måtte returnere til byen med 16-2 tap.

Vi var einige om at vi i dag skulle slå oss skikkeleg laus, og kose oss på kunstgraset. Fleire av jentene har nyleg vore på skuletur til Polen, Tsjekkia og Tyskland, så trening har det vore lite av dei siste 14 dagane. Men jentene var fulle av overskot, og det flaut dei på i dag.
Birgitte sette standarden allereie etter 4 minutt, då ho fekk stjernetreff frå minst 20 meter.
På direkten banka ho ballen bak ein sjanselaus Florø-keeper.
Årets mål på Naustdal stadion?

I motsetning til tidlegare kampar, var jentene i kveld effektive. Vi fekk sjå fleire fine angrep,
som resulterte i mål .

Desse scora i dagens kamp: Iris 5, Elly4, Marie 2, Maria 2, Birgitte 1, Martine 1 og Hilde 1mål.

Tordag skal vi til Jølster, og held jentene fram som i dag, skal Jølstringane passe seg. For i dag varma spelet deira på ein forferdeleg våt haustkveld.

Bjørnar Landsverk var nesten usynleg på bana, som gode dommarar skal vere. Takk for god dømming. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse