Miniputtane trossa regn og vind i Florø

Jenter 2004. Foto: Lilli Ann Seljeseth.

Årets siste Kongleriket Cup vart arrangert i Florø i går, og på tross av skikkeleg Florøvær med regn i strie straumar og vind med kuling i kasta, viste miniputtane til Tambar Fotball på ny idrettsglede og gode prestasjonar.

No skal det seiast at laga som var i aksjon tidleg på søndagen ikkje hadde så altfor gale vær, men vi var fleire som undra oss på kvifor ikkje den flotte innandørshallen i kystbyen vart teken i bruk på ein slik dag. Men nok om det, tilbakemeldingane frå dei unge spelarane og trenarane til Tambar var gode på trass av det noko ufyselege været, og innsatsen er det ikkje noko å sei på frå desse unge, uansett vær.

Ein av dei nøgde trenarane frå Tambar Fotball (som har vore ute ein stormdag tidlegare!), Svein Arne Nordheim, har sendt oss denne oppsummeringa frå 2005 laga sin søndag i Florø:

" Det blei en våt søndag ettermiddag på Florø stadion, da våre håpefulle jenter og gutter i klasse 2005 var på Kongleriketurnering.
Tambar 2005 stilte med 3 lag, 2 gutelag og 1 jentelag.

Trass i at dei blei både våte og kalde, var det fullt trøkk fra første avspark. Er en sann fryd og sjå alle disse flinke og innsatsfulle ungene boltre seg.

Etter mange flotte og jevne fotballkampar, blei det jevnt fordelt med seiere og tap. Og innimellom kampane, så gjekk da i vafler,pølser og brus. Skikkelig ”sportsmat” for den yngre garde.
Tilslutt vanket det medalje på alle sammen.

Kjempeflott innsats av alle sammen ! "


Om det er trenarar, foreldre eller andre som har bilder som dei vil dele med andre frå Kongleriket Cup, kan dei sende dei til underteikna. Eg vil då legge dei inn i Fotoalbummet.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse