Rekordmange lag påmeldt til Bendit Cup Naustdal

Tambar Fotball arrangerer Bendit Cup for sjette året på rad komande helg, og turneringa stafester sin populæritet med heile 87 påmelde lag. Sist Bendit Cup vart arrangert, i 2011, deltok 70 lag.

Turneringa er for gutar og jenter i alderen 6 til 12 år, og med så mange lag påmeldt vil Naustdal stadion få besøk av omlag 700 fotballglade spelarar lørdag 22. og søndag 23.september. I tillegg til spelarane kjem trenarar, lagleiarar, foreldre og andre som ynskjer å sjå mykje god fotball og idrettsglede, så det vert garantert folksamt på stadion denne helga.

Kampane startar kl.10.00 både lørdag og søndag, der alle lag spelar 5er fotball på små baner. Alle lag får 5 kampar kvar og samtlige spelarar blir premierte.

Nokre av klassane er slegne saman, det gjeld desse klassane:

G6 og G7, i kampoppsettet heiter klassen G7.

J8 og J9, i kampoppsettet heiter klassen J9.

G11 og G12, i kampoppsettet heiter klassen G11.

J11 og J12, i kampoppsettet heiter klassen J12.

SJÅ KAMPOPPSETT: http://www.cupassist.com/benditnaustdal2012

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse