G12: Vann 7-3 borte mot Førde 6

Trenar for G12, Svein Arne Nordheim, har sendt oss denne rapporten frå Tambar sin bortekamp mot Førde 6 tysdag kveld:


"Tambar startet kampen friskt i duskregnet, og var dominerande første del av omgangen. Dette resulterte i at Tambar gikk opp i ein fortjent 2-0 ledelse. Etter dette datt kvaliteten på prestasjonane fleire hakk. Det kunne nesten sjå ut som om Tambar trudde jobben var gjort. Dette førte til at Førde kom meir og meir med, og scoret både 1-2 og 2-2 før dommaren bles for halvtid.

Etter ein liten ”alvorsprat” i pausen, startet Tambar andreomgangen med eit solid overtak i banespelet. Tambarspelarane virka til å ha meir og gå på enn Førde, og det blei meir og meir plass på bana til å boltre seg. Sjansane kom på løpande bånd, og Tambar gav seg ikkje før dei hadde scoret ytterligare 5 mål. Førde fekk ei redusering, så kampen ebba ut med ein flott 7-3 seier på bortebane.

Ofte kjem det offensive i fokus når vi refererer til kamper, men vi var også veldig gode bakover på bana. Det var lite målsjanser Førde fekk sleppe til med. 2 av målea deira kom på gode langskudd, så alt i alt var det ein flott kamp av den defensive delen til Tambar.

Målscorere: Rodney (3), Sander (2), Adrian (1) og Mathias (1).

Disse var med: Adrian, David, Sander, August, Mathias, Daniel, Håvard, Rodney (2001) og Emil (2001). "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse