6.divisjon: Tambar med grei seier mot Førde 4

Det vart som venta seier då seniorane tirsdag kveld møtte Førde 4 på kunstgrasbetongen i Førde tirsdag kveld.

Tambar var, ikkje overraskande, det beste laget og kunne gå til pause med 2-0 etter scoringar av Andrè Sølvberg og Gunnstein Vefring. I andre omgang fortset laget med bra spel, der laget har god kontroll på vertslaget frå Førde. Tambar kjem til mange sjansar, og burde vel strengt tatt scora fleire enn dei to som Anrdeas Vatne og Nicolai Sundbye set inn i denne omgangen.
Sjølv om Førde 4 får seg eit trøstemål, har Tambar sitt forsvar god kontroll, der Espen Langedal styre forsvaret på ein framifrå måte og er sjefen over alle sjefer.

Dermed kan Tambar returnere til Naustdal med 4-1 seier og 3 velfortente poeng etter kveldens kamp.



Tambar får to gule kort, ved Gunnstein Vefring og Kristoffer Hammarseth.


Andre resultat 6.div avd.2: Atløy-Førde3 3-2, Florø 3-Tempo 4-2.

TABELL: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=130913

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse