G11: Jølster-Tambar 3-9

Tambar Fotball sitt G11-lag vann i kveld bortekampen mot Jølster og vikarierande trenar, Espen Langedal, har sendt oss eit godt og fyldig refferat frå kampen.


" Med ei mild, men fuktig, start på veka reiste Tambar-gutane på tokt til Skei for å måle krefter med jamgamle jølstringar denne måndags ettermiddagen. Ni spelesugne gultrøyer, tre ivrige foreldre og ein fersk lagleiar takka vêrgudane for opphald og flotte forhold gjennom heile kampen.

Etter at laga hadde helst og ønskt kvarandre lukke til bles dommaren kampen i gang. Og det var vi som ville, og skapte mest innleiingsvis. Etter fem minuttar bryt jubelen laus etter eit soloraid frå Rodney som dansar seg forbi alle dei grønkledde skjortene og aleine med keeper plasserer den første av mange kuler bak heimelagets målvakt. Direkte etter avspark vinn Gard tilbake ballen frå ein Jølster-spelar. Rodney snappar opp ballen og ladar kanonen ifrå langt hald. Ballen får ei flott boge og finn vegen inn i nettmaskene. 0-2!

Etter halvspelt førsteomgang får Jølster eit frispark i god posisjon for å teste skotfoten. Guten som skal ta frisparket får godt treff og reduserar til 1-2. Med eitt er det spenning igjen i kampen. Men det går ikkje mange minuttane før Henrik tek tak på midten. Han vinn ballen på eigen banehalvdel og raidar oppover langs venstrekanten før han skjær inn aleine med keeper og gjer oss ny tomålsleiing med ei avslutning i nærmaste hjørne. 1-3!

Vi skal få ytterlegare eitt mål før dommaren bles av for pause. Denne gangen er det Ole Johan som mottar ballen av Joakim høgt oppe på Jølster sin banehalvdel. Ole Johan dreg seg forbi to jølstringar før Rodney kjem og tar over lêrkula. Degge gangen er Rodney servitør til Nikolai som på frekt vis hælar inn 1-4, og vi går til pause med ei komfortabel tremålsleiing.

Andreomgang startar slik som den førre gjorde. Det går tre minuttar før vi atter ein gang kan sleppe jubelen laus. Eirik kastar hurtig til Rodney som er på løp langs høgrekanten. Rodney skjær innover i bana og bankar inn 1-5. Det påfølgjande angrepet frå Jølster snappar Sander opp som hurtig set i gang Eirik på høgrebacken. Eirik løftar blikket og spelar ein utsøkt pasning gjennom til Rodney som på ny skjær inn frå høgre og set inn 1-6. Med femmålsleiing får Jølster setje inn ein ekstra spelar for å jamne ut kampbiletet lite grann.
Men dei gule og svarte gir seg ikkje der. Fem minuttar seinare får vi kast på venstresida som Emil tek hurtig. Ein aktiv Rodney tek med seg ballen og serverer Nikolai som set inn 1-7 med ei kvarter igjen å spele.

No merkar vi at jølstringane er ein meir på bana når dei bryt spelet og set full fart framover. Vi er heile tida ein i undertal, men får klarert til hjørnespark. Hjørnesparket blir slått hardt inn på første stolpe der ein jølstring stussar ballen vidare til bakre stolpe. Der står det ein gut i grøn trøye og set inn 2-7.

Forutan om dei to scoringane har Sander hatt lite action rundt seg til no i kampen, men plutseleg får Jølster straffespark. No er Sander verkeleg med og reddar det harde straffesparket som går til venstre for han!

Med fem minutt igjen på kampuret mislukkast Tambar-gutane med å få avslutta eit angrep, noko som resulterar i at Jølster kontrar med tre spelarar mot vår eine. Kontringa resulterar i 3-7.

Tre minuttar seinare drar Gard seg fri på venstrekanten og fyrer av garde eit skot som Jølster-keeperen må gje retur på. Først på returen er Ole Johan som bankar inn 3-8.

Ein underhaldningsverdig ettermiddag på Skei stadion blir runda av med ei perle ifrå Rodney. Han klinkar til ballen på halv volley – ballen fyk som ein prosjektil i krysset og dommaren bles av kampen på stillinga 3-9.

Med eit solid forsvar som stoggar dei aller fleste framspel, og ei hardtarbeidande midtbane slepp vi aldri Jølster skikkeleg inn i kampen. Dette var ein kjekk start på veka! Sjåast på onsdag kl 17:30! J

Desse var med: Sander, Eirik, Emil, Ole Johan, Henrik, Rodney, Gard, Joakim, Nikolai. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse