G12: Tett og spennande kamp mot Førde

Bildet er frå kampen mot Gaular sist veke. August Thingnes med ball.

Tambar Fotball sitt G12-lag var i aksjon på Naustdal stadion torsdag kveld, då Førde var på besøk. Kampen enda uavgjort, der Tambar hadde flust av sjansar, særleg i første omgang.

Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå kampen:


" Det blei en spennande kamp mellom Tambar G12 og Førde G12 torsdagskvelden, der det til slutt enda med 2-2.

Tambar startet kampen friskt, og hadde eit drøss med gode målsjansar stort sett gjennom heile første omgang. Førde var knapt over midtstreken. Smått utruleg sto det kun 0-0 til pause, og det kan Førde være mest fornøyd med.

Andre omgang startet mykje jevnare, men det var til slutt Tambar som scoret først. Etter mange fine kombinasjoner, kunne til slutt Sander sette inn sitt første for kvelden. Like etter var Tambar frampå igjen, og Sander fekk en ny nettkjenning. Det såg ut som Tambar nå kunne kontrollere kampen ut, men 2 raske angrep på høgrekanten til Førde, resulterte i at Førde utlignet ledelsen til Tambar.

Etter dette bølget det frem og tilbake, men det ebbet ut med 2-2. Men, alt i alt, ein flott innsats av Tambar laget, som gav alt igjennom heile kampen.

Masse tilskuere i eit litt dårleg vær gjorde til at det ble ei fin ramme rundt kampen.

God dommar var Marius Storevik.

Målscorere: Sander (2)

Disse var med: August, Mathias, Adrian, Sander, Håvard, Daniel, Stig Arild, David,
Rodney (2001) og Emil (2001). "


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse