SFFK Bylagsserien: Fire frå Tambar Fotball uttekne

Marius Storevik (t.h) er utteken til SFFK sitt Bylag Sunnfjord.

Sogn og Fjordane Fotballkrets har ved sine soneansvarlege foreteke uttak til SFFK sin Bylagsserie hausten 2012. Dette er for spelarar fødd 1998-99.

Tambar Fotball har denne gongen fått med fire spelarar til Bylagsserien Sunnfjord, tre gutar og ei jente. Spelarane er: Simon Indrekvam (98), Marius Storevik (99), Elias Rognebakke (99) og Elly Kalland (98).

Trenarar for Bylag gutar Sunnfjord er Torbjørn Glomnes, Knut Erik Folland, Per Øyvind Storevik.
Trenarar for Bylag jenter Sunnfjord er Tor Emil Gjøringbø, Magn Henning Helgås og Geir Hoff.

Heile uttaket til SFFK Bylagsserien kan du sjå her: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Spelarutvikling/Bylag/Uttak-Bylagsserien-20121/


Vi gratulerer Tambarspelarane med uttaket og ynskjer dei lukke til !

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse