6.divisjon: Tambar vann mot Atløy

Det var eit skikkeleg dritvær då Tambar møtte Atløy til kamp i 6.div avd 2 på Naustdal stadion i kveld, og til og med innbyttarar og lagleiarar som sat i innbyttarskura hadde vanskar med å holde seg tørre. Ute på bana var det greie speleforhold til ut i andre omgang, då overflatevatn gjorde sitt til at ballen ofte stoppa før ein hadde tenkt.

Gjestane frå Atløyna åpna kampen friskast, og vann dei fleste duellane og hadde nokre halvsjansar i starten av kampen. Men Tambar tok leiinga allerede etter 5 minutter spel i første omgang, då Kristoffer Hammarseth med eit raid på høgrekanten gjekk forbi alt av Atløyspelarar og fekk sett ballen i nota bak Atløykeeperen.
Atløy fortsette sitt trøkk mot heimelaget, og etter 10 minuttar spel utligna dei etter innlegg frå venstresida der ballen vart hedda forbi Tambarkeeper Marius Herstad.

Omlag 20 minutter ut i omgangen tok Tambar på ny leiinga, då Andrè Sølvberg fossa fram på venstrekant og sette ballen kontant i nota. Like før pause auka Kristoffer Hammarseth då han avslutta med skot frå åtte-ti meter etter at fleire Tambarspelarar hadde forsøkt seg utan å lukkast.

Atløy reduserte til 2-3 tidleg i andre omgang, og hadde vel eit håp om at dei kunne reise frå Naustdal med iallefall eit poeng. Utover omgangen vart speleforholda les: vått ! og etterkvart var det tifeldigheitene som råda på stadion.

Tambar får straffe etter at ein Tambarspelar vert felt inne i sekstenmeterfeltet, og Henrik Aase er tryggheiten sjølv når han sikkert set ballen utagbart til høgre foe keeper. Tambar ledar no 4-2, og Tambar går mot ein trygg heimesiger. Den endelege spikaren i kista set Gunnstein Vefring, då han ekspiderer eit flott inn legg frå Andrè i mål.

Ragnar Åmot gjer ein grei jobb som dommer i kveldens kamp. Ein del gule kort vart det i kampen, der dei fleste (alle?) går til Atløy. I tillegg får Atløy ein mann utvist i andre omgang, etter to gule kort.


Kampfakta:

TAMBAR-ATLØY 5-2 (3-1)

1-0 Kristoffer Hammarseth
1-1 Atløy
2-1 Andrè Sølvberg
3-1 Kristoffer Hammarseth
3-2 Atløy
4-2 Henrik Aase (str)
5-2 Gunnstein Vefring


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse