SMG: Tambar med ny storseier

Smågutelaget vann stort mot eit Førdelag i forrige kamp, der Tambarspelarane viste scoringsiver og mykje godt spel. På ny kunne Tambargutane gå av bana med storseier, då laget møtte Høyang til kamp på Naustdal stadion mandag kveld. Tambarspiss Sigve Longvastøl kunne på ny gå av bana med fem nettkjenningar, noko han også gjorde i forrige kamp.

Det starta jamt på stadion denne kvelden, der Høyang hadde eit visst press på Tambar i startminutta. Og berre ei god redning frå Tambarkeeper Markus Cirotzki gjorde at ikkje gjestane frå Sogn tok leiinga i kampen etter få minuttar spel. Tambar kom etterkvart bedre inn i kampen, og tre kjappe scoringar frå Sigve Longvastøl, Aleksander Fauske Helgås og Marius Storevik gjorde at heimelaget leda konfortabelt tidleg ut i fyrste omgang. Flotte mål frå alle, der Marius setter frisparket frå midbana kontant i mål over ein sjanselaus Høyangmålvakt.
Ytterliggare tre mål vert sett inn av Tambar før laga går til pause, der Sigve putter på to nye mål før Simon Indrekvam setter det siste målet i omgangen med eit sikkert starffespark.

Simon startar scorinsshowet i andre omgang, med sin andre for kvelden. Etterkvart kjem Høyang meir inn i kampen att, og laget reduserer tre gonger i denne perioden. Men dagens "målkonge" i kampen, Sigve, er enno ikkje nøgd. Han scorar sitt fjerde og sitt femte mål for kvelden før dommaren bles av kampen.

Dermed vinn laget med konfortable 9-3, og får revansje for 1-3 tapet dei hadde mot Høyang i vårkampen.

Kampens gode dommer var Nils Paulen.



Kampfakta:

TAMBAR-HØYANG 9-3 (6-0)

1-0 Sigve Longvastøl
2-0 Aleksander Fauske Helgås
3-0 Marius Storevik
4-0 Sigve Longvastøl
5-0 Sigve Longvastøl
6-0 Simon Indrekvam (str)
7-0 Simon Inrdekvam
7-1 Høyang
7-2 Høyang
7-3 Høyang
8-3 Sigve Longvastøl
9-3 Sigve Longvastøl

Desse spelte for Tambar: Markus Cirotzki, Thomas Personbråten, Marius Storevik, Sivert Andal, Martin Hukset, Samson Vonen, Simon Indrekvam, Elias Rognebakke, Dan Joar Vårdal, Jesper Tomassen, Aleksander Fauske Helgås, Sigve Longvastøl, Mathias Gamlestøl.

SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN

Les mer: Bilder 2012


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse