Resultat kampar på stadion i kveld

Foto: Øystein Ullaland

To kampar vart spelt på Naustdal stadion i kveld, då Tambar i klasse J10 og Tambar 1 i klasse G11 var i aksjon mot henholdsvis Dale og Florø 3.

TAMBAR J10, som er med i seriespelet for fyrste gong, spela sin tredje kamp for sesongen. Dei to fyrste kampane til jentene har gått på bortebane, og dermed var det laget sin fyrste heimekamp for sesongen denne onsdag kvelden.
Laget møtte gultrøyene frå Dale, som i kveld måtte trekke i blå vester. Det vart ein jamn kamp mellom desse to jentelaga, og uavgjort 2-2 var nok eit resultat begge laga var nøgde med.

BILDER frå kampen J9/10 Tambar-Dale (Alle foto: Øystein Ullaland): https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/J10TambarDale030615


TAMBAR 1 i klasse G11 hadde besøk av Florø 3 på stadion i kveld. I denne avdelinga "haglar" måla inn i mange av kampane, der det i nokon av kampane har blitt scora både 20 og 30 mål!

I forrige runde var Tambar 1 eit av laga som måtte gå av bana med mange mål imot. I laget sin kamp mot Florø 3, var det Tambar som kunne gå av bana med storseier, då laget vann heile 14-4.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse