Gode Tambarjenter vann mot Svelgen

Tambar Fotball sitt jentelag i klassen 2003 spelte i dag ein god kamp mot Svelgen på Naustdal stadion, og med seiersmålet heilt på slutten, kunne Tambarjentene juble over 2-1 seieren.

Tambar har heile tolv jenter i denne klassen, og vi forstår godt at jentene var utolmodig på sidelinja i kveldens 5-er fotball. Men trenar Ludvig Slettehaug og Jan Kåre Rygg hadde full kontroll på dei ivrige jentene, der alle fekk omlag like mykje speletid.

Flinke var også jentene ute på bana, der dei imponerte underteikna med mykje fin fotball og god fotballforståing. Kampen var jamnspelt heile kampen ut, der jentene frå Svelgen også hadde mange gode kvaliteter. Men i kveld var det Tambar som drog det lengste strået, og vann med knappast mulig margin.

God dommer var Samson Vonen.

(Klikk på bildet for å få det større)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse