Tambar J15/17 vann toppkamp mot Hornindal

Bilde: Pause Hornindal-Tambar i dag. Foto: Arild Bruflot.

Tambar topper tabellen etter 7-4 mot Hornindal

Det var duka for «toppkamp» då Tambar sitt jentelag møtte Hornindal på kunstgraset i Nordfjord søndag ettermiddag. I ein kamp med to gode lag involvert, var det jentene frå Tambar som kunne ta med seg 3 velfortente poeng tilbake til Naustdal. Og med heile seks scoringar på Andrine, vart ho sjølvsagt dagens «mål-dronning».

Jenter 15/17 11er

Hornindal-Tambar 4-7 (2-3)
1-0 Hornindal
1-1 Andrine (str)
1-2 Andrine
2-2 Hornindal
2-3 Andrine
2-4 Andrine
3-4 Hornindal
3-5 Andrine
4-5 Hornindal
4-6 Kamilla
4-7 Andrine

Tambar:
Julie Seljeseth Øverland
Cerina Hjelle Cirotzki
Karoline Hoff Grimset
Kamilla Falkenstein Grønfur
Trine Standal
Una Claussen Thingnes
Agathe Abrahamsen Slettehaug
Silvia Røyseth Bruflot
Andrine Olsen Endestad
Mathea Victoria Nigardsøy
Henriette Maria Strømsøy Grimset
Amalie Fimland Dvergsdal
Anniken Ullaland Ekreskar
Oda Martine Solheim Aamot

Heimelaget Hornindal og Tambar følgte kvarandre til godt ut i andre omgang, men der Tambarjentene var hakket framfor i målprotokollen i store deler av kampen.

Midtvegs i andre omgang sette Kamilla inn det som må være spikaren i kista for heimelaget, då ho sendte Tambar opp i ein 6-4 leiing. Og når Andrine set inn sin sjette scoring for dagen, og aukar Tambar si leiing til 7-4, var det liten tvil om kor dei tre poenga ville hamne.

Tambar sin Eikefjord-import, Andrine, hadde verkeleg målteft i dag. Ho set inn heile seks av dei sju måla til Tambar i dag. Når det er sagt, var det solid innsats av samtlige Tambarjenter i dag, som bidrog til ein sterk borteseier i Honndalen.

På grunn av fråfall frå jentespelarar til dagens kamp, fekk to jenter frå småjentelaget sjansen i dagens kamp. Både Anniken og Oda klarer seg godt på eit jentelag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse