Tambar J15/17 vann borte mot Stryn/Loen

Bilde: Laget som vann mot Stryn/Loen.

Tambarjentene tok med seg tre poeng i sesongens første kamp.

Stryn kunstgrasbane måndag 22.april

Jenter 15/17 11er
Stryn/Loen-Tambar 5-8 (3-2)

0-1 Viktoria
1-1 Stryn/Loen
2-1 Stryn/Loen
2-2 Andrine (str.)
3-2 Stryn/Loen
3-3 Andrine
4-3 Stryn/Loen
5-3 Stryn/Loen
5-4 Andrine
5-5 Agathe
5-6 Trine
5-7 Viktoria
5-8 Viktoria

Tambar: Julie, Stine, Una, Kamilla, Henriette, Mathea, Viktoria, Karoline, Trine, Amalie, Elise, Cerina, Agathe, Andrine, Silvia

Jentelaget til Tambar vann sesongens første kamp, då laget vann i ein svært målrik kamp på bortebane mot Stryn.
Heile tretten scoringar fekk vi oppleve i det flotte sommerværet i Nordfjord, der mange av måla var av ypperste klasse. Dagens mål var det nok Agate som sette inn, då ho på halv volley sendte ein suser i krysset og utligna til 5-5 eit stykke ut i den andre omgangen.

Etter Agathe sin scoring, tok Tambar over kommandoen fulstendig. Laget, som låg under med to mål eit stykke ut i andre omgang, sette i tre flotte mål på slutten av andre omgang, og årets første seier var eit faktum.

Tambar spelte seg stort opp i løpet av kampen, der både keeperane, forsvaret, midtbana og angrepet var gode. Skal ein trekke fram enkeltspelarar, utmerka  Agate og Amalie seg på sentral midtbana, der dei dominerte stort.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse