Ny god kamp av Tambar sitt jentelag

Tambar J15/17 var det klart beste laget då dei vann mot Gaular 1 på bortebane tysdag kveld.

Med to serierundar att, er jentelaget vårt framleis eitt av fire lag som kjempar i toppen av si avdeling. I går varta tambarlaget opp med mykje god fotball på bortebane mot Gaular 1. 3 poeng blei med heim att til Naustdal og 5 ulike målscorarar stod for totalt 6 mål. Bakerst varta keeper Stine opp med solid spel, i sin første kamp etter eit lengre skadeavbrekk.

J 15/17 7/9ar avd. 2 haust
Sande kunstgras tysdag 16/10-18
Gaular 1 – Tambar 0-6 (0-4)
0-1 Agathe
0-2 Fride
0-3 Trine
0-4 Una
0-5 Mathea 
0-6 Trine
Troppen til Tambar: Stine D, Una, Agathe, Elise, Mathea, Trine, Viktoria, Guro, Sunniva Irene, Amalie og Fride

Ein fin haustdag var blitt til kveld og vatnet i elva Gaula segla blikkstille forbi på si ferd frå fjell til fjord, i det vi steig ut av bilane ved klubbhuset til Gaular IL. Bra forhold for fotball med andre ord og spelesugne jenter gjorde seg klar til kamp. I vårkampen mot dette laget rodde vi i land ein knepen 3-2 siger, litt spenning i lufta knytt til dette resultatet og ekstra spenning med tabellsituasjonen før inngang til kampen.

Kampen starta forsiktig og bølga litt fram og tilbake. Forsvaret vårt vart sett på løpsprøve tidleg mot særleg ei rask gaularjente. Men det vart rydda greit opp i samarbeid med keeper. Tambar var med og det tok ikkje lang tid før første mål kom. Agathe vant i kjent stil ballen på midten, dreiv raskt framover og med spelar i ryggen klarte ho å halde hovudet kaldt og hadde til slutt åpning til avslutning. Sjansen sette ho greitt i mål. Her var også resten av laget offansive og fulgte opp med løp som gjorde jobben vanskeleg for gaularforsvaret.

Ein god start vart endå betre med eit kjempetreff av Fride. Underteikna såg ikkje dette sjølv men lenar meg på erfarne «fotballmammaer», som var tydelege og rause med adjektiva etter denne skåringa. Truleg var Amalie nest sist på denne scoringa.

Godt i gang og i andre enden av bana var innsatsen også upåklageleg. Gaular var offansive i starten, og med fart og gode vendingar, måtte forsvaret jobbe for å matche løpa deira og for å kunne blokkere avslutningar framfor mål. Stine var også fint ute i feltet og blokkerte avslutningar ved å komme raskt opp i angripar som hadde ballen.

På nytt var det Tambar som pressa framover og etter nokre mindre sjansar, kom neste mål for dei gule. Viktoria fekk ballen og kunne avansere mot 16 meteren på si høgre side. Ho såg opp, fyrte av med høgre og ballen skrudde utover med retning mot bakerste stolpe. På mesterleg vis var Trine våken og klar ved bakerste stolpe, ho fullførte løpet og var på rett plass og kunne kontrollere ballen i mål. Godt samarbeid rett og slett.

Og så, eitt av mange høgdepunkt denne kvelden. Hjørnespark. Viktoria tok oppstilling og gjorde klar høgrefoten. Ballen blei slått høgt og med god fart. Nesten for høgt trudde mange men Una tenkte som vanleg annleis. Med blikk på ballen og med ein forsvarar som fulgte henne tett, steig ho opp. På mesterleg vis nådde ho opp, traff ballen reint med panna og styrte den kontrollert tilbake mot mål. Ballen gjekk i ei flott bue, traff bakre stolpe og gjekk inn. Klasseprestasjonar frå begge jentene og eg må nesten trekke fram Flo og Bjørneby som bilde for å illustrere finessen i denne augneblinken. Velfortjent leiing til pause.

I 2. omgang fortsatte tambar med mykje flott spel framover på bana. Jentene fant kvarandre med enkle og raske pasningar. Kjappe kombinasjonar som gav rom til å avansere og muligheiter for avslutningar. Gaular sin gode keeper, fekk mykje å jobbe med. Men ved to høve vart heimelaget utspelte av flott angrepsspel frå våre jenter.

Først var det Mathea som fekk kontroll på midten og kunne spele til Fride utanfor seg. Fride utfordra og tok med seg ballen mot mål. Ho dribla av fleire, kom seg forbi og kunne valgt ei avslutning. Istadenfor valgte ho å slå ut framfor mål der Mathea var våken med og spelbar. Forsvar og keeper var fokusert på Fride, og med ei god pasning framfor seg, kunne Mathea kontrollert sette ballen forbi ein utspelt keeper.

Siste målet kom mot slutten av omgangen etter at Amalie hadde avansert fleire gangar på høgresida. Første innlegget hennar slo i stolpen og ut, ikkje langt unna å gå inn. På forsøk nr to avanserte ho med ballen etter å ha gått forbi ei Gaularjentene. To til tre føringar med ballen og så slo ho eit perfekt bua innlegg mot bakerste stolpe. Der dukka Trine opp på enden av løpet sitt, ballen gjekk forbi keeper, spratt framfor Trine på femmeteren og då sat den limt på venstrefoten til kantspelaren og gjekk i mål. Begge desse to måla kom etter glimrande presentasjonar og samarbeid. Kjekt å sjå.

Gaular var også frampå i denne omgangen men på nytt vart dei fulgt av vårt gode forsvar og stoppa på ein god å effektiv måte av Stine i mål. Sistnevnte var «on fire tonight», rett og slett, og imponerte i sin første kamp etter skadeavbrekket. Ein liten feil i andre omgang, men heldigvis klarte ikkje Gaular å omsetje den påfølgande sjansen i mål. Ellers ein spennande og god kamp.

Kommande onsdag avsluttar jentelaget med heimekamp mot Dale i det som kan bli ein avdelingsfinale for sesongen. Vi skal holde dokke oppdatert på utviklinga. Uansett så kan vi oppmode til å finne fram plakatar, flagg og heiarop og sette av onsdag 24/10 klokka 1900. På ein flombelyst Naustdal stadion kan vi love deg live fotball av (forhåpentlegvis) beste sort, levert til deg av Tambar jenter 15/17. Og så får du sjølvsagt nysteikte sveler og frisk og god kaffi i kiosken.

Ref.: Ludvik Slettehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse