Tambar snudde 1-3 til 4-3 mot Gaular

Bilde: Tambar J15/17 etter seieren mot Gaular. Foto: Tone Hjelle Cirotzki.

Det vart ein "rysare" av ein fotballkamp, då Tambar J15/17 møtte Gaular til kamp på Naustdal stadion onsdag kveld. Les referat under.

Tambarskjelvar J 15/17 viste laginnsats og fotballglede av høg klasse.

Onsdag, 3.oktober. Ein flott haustdag var blitt til kveld og flomlyset på stadion strålte mot jenten frå Gaular og Tambar som stille helste på kvarandre før kampstart. I vårsesongen enda tilsvarande oppgjer med 5-4 siger til Tambar, etter ei fantastisk spennande avslutning. Lite visste dei mange tilskodarane som var møtt fram til kveldens kamp, at laga hadde planer om å toppe spenninga frå den kampen.

J 15/17 9/7ar avd 2
Ons 3. Okt
Tambar- Gaular 2 4-3 (1-3)

0-1 Gaular
1-1 Agathe
1-2 Gaular
1-3 Gaular  
2-3 Elise 
3-3 Amalie
4-3 Fride

Tambar sitt lag: Julie, Stine, Una, Cerina, Mathea, Elise, Agathe, Trine, Synniva, Guro, Amalie, Viktoria, Fride.

God dommer: Michael Johannessen.

Det var Gaular som starta kampen best. Laget som leia tabellen ved inngangen til kampen, var nok interessert i å trøkke på for å behalde og trygge den posisjonen. Presset frå bortelaget gjorde at Tambar kom bakpå og var litt nølande og usikkre bakover. Gaular kom til sjansar, og etter nokre hektiske minutt for Tambar sitt forsvar, tok Gaular føringa.

Etter dette bølga kampen fram og tilbake. Fortsatt Gaular med overtak, men Tambar fekk flytta laget meir oppover. Mellom anna small ballen i stolpen ein gang bak begge keeperane. Etter kvart så kom Agathe i posisjon, og frå noko distanse og skrått på mål, plasserte ho ballen vakkert opp i den lengste vinkelen. Laga var like langt.

Spelemessig var laga nokså like resten av omgangen. Fleire store sjansar til Tambar, men ein god keeper hos bortelaget holdt Tambarjentene i sjakk. Andre vegen var Gaular effektive og fekk utteljing i form av to nye mål til pause. Surt for heimelaget, store jubelrop frå bortelagets mange tilreisande supportera.

Men. Som følgarar av laget sikkert har merka seg, pauseprat med frukt og senka skuldrar, pleier å vekke jentene. Håpet var sjølvsagt tilstades, og nok ein gang fekk trenarane vekka gnisten før den avgjerande omgangen.
Tydeleg å sjå at Tambar sine jenter ville meir. Passningspel og kommunikasjon fungerte. Avslutningane som traff mål var fleire, og laget spelte seg fram på begge sider og i midten. Alt dette gav resultat og massivt press over tid gjorde Gaular slitne og frustrerte. Og utteljing skulle det bli.
Først viste Elise avsluttareigenskapar. Frå midten førte ho oppover, og med eit forsvar som fulgte to Tambarjenter på kvar si side, var det plutseleg berre keeper framfor ho. Skotet kom hardt langs bakken, mellom beina til keeper og i mål.
Utlikninga stod Amalie for. Ho jaga etter ein ball på venstre kant. Første duell kom forsvararen best frå, men Amalie gav ikkje opp, kasta seg inn i kamp om ballen og fekk den med seg mot mål. Kaldt og roleg trilla ho ballen forbi keeper på full fart mot henne. Hærleg følelse å sjå den gå inn.

Uavgjort 3-3 og ca 10 min att av kampen. Gaular prøvde å flytte oppover men møtte eit solid forsvar som hindra dei i å komme til store sjansar. Bakerst stod Julie og kontrollerte det heile og kunne plukke opp det som trilla hennar veg.
Tambar spelte seg mange gangar flott ut bakfrå med gode passningar oppover frå forsvaret. Saman med Una gjorde Cerina og Mathea ein solid jobb med godt blikk og gode passningar framover, noko som resulterte i raske overgangar og sjansar.

Til slutt måtte gjestane kappitulere på nytt. Med få minutt att på uret fekk Fride med seg ballen og avanserte i midten. Med litt distanse til forsvararen framfor, prøvde ho og sette den forbi motstandaren og mot det lengste hjørnet. Istadenfor traff ballen forsvararen i foten, skifta retning og spratt mot mål bak ein utspelt keeper i Gaular sitt mål. Akkurat som i sist kamp mellom desse laga, så klarte jentene å sette den avgjerande scoringa i sluttminutta. Hærleg innsats!

Gaular gav som venta god motstand, og etter ein omgang til kvart lag er det godt å sjå at laginnsats og kjemping gir resultat. Heile laget stod fram og jobba saman. Fire navn på målscorarlista er bra. Like viktig er det at laget jobbar og krigar saman. Solid og trygt bakerst, hard jobbing av Agathe og Elise på midten og til slutt vingar og spissar som jaga og søkte framover og mot mål. Endå meir press mot mål, kunne gitt fleire nettkjenningar etter farlege returar frå keeper. Noko å jobbe vidare med kanskje.

Sigeren i kveld betydde mykje for spenninga i avslutninga av avdelinga. Dale og Gaular 2 har 10 poeng etter 5 kampar. Like bak føl Førde og Tambar med 9 poeng på 4 kampar. I neste runde spelar Dale mot Gaular og i siste runde møter vi Dale heime. Vi gledar oss til ein spennande haust jenter.

Og til slutt, etter ein slik kveld og forestilling, var det godt å høyre Stine D (Godt å ha henne tilbake i troppen etter langt skadeavbrekk) dra igang sigersropet. "Skal du være, vil du være Tambarjente? Ja for....". Berre å møte opp for å heie fram denne glade jentegjengen, så blir det nok fleire gode sigersrop på Naustdal stadion i haust.

Ref.: Ludvik Slettehaug

Sjå resultat og tabell for J15/17 7er/9er

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse