Tambar avgjorde kampen etter ein god fyrste omgang

Tambar J15/17 spela ein god kamp mot Hyllestad/Dale, og gjekk til pause med ein fortent 3-0 leiing.

J15/17 9er

Tambar-Hyllestad/Lavik 3-2 (3-0)

1-0 Amalie
2-0 Una
3-0 Trine
3-1
3-2

God dommer: Thomas Dobbe Personbråten

Tambar: Julie, Una, Cerina, Mathea, Fride, Trine, Viktoria, Elise, Amalie, Guro, Kamilla.


Tambar var det beste laget i gårsdagens kamp mot Hyllestad/Lavik, dei vann dei fleste duellane og spela seg fram til mange store målsjanser med fin-fint spel. 3-0 til pause kunne fort ha vore mange fleier, om ein hadde fått noko meir utteljing på alle sjansane. Dei tre måla til Tambar vart sett inn av Amalie, Una og Trine.

På stillinga 3-1 gav Julie alt i ein duell halvvegs i 2. omgang. Ho avverga ein stor sjanse til bortelaget, men måtte forlate bana etter det ublide møtet med motspelaren. Til slutt var det Elise som trakk på seg hanskane og fullførte, med glans, kampen i tambarmålet.

I siste minutt, var Hyllestad noko heldige og fekk avgårde ei avslutning som gjekk i ei lang bue over Elise og dalte inn i mål. Press mot ballførar var ikkje heilt på plass i dette tilfellet, noko som etter kampen blei stadfesta av ein representant frå forsvaret. Heldigvis blåste dommar Thomas Personbråten av kampen rett etter avsparket og 3 velfortjente poeng var innkassert for Tambarjentene.

Som sagt, imponert over laginnsatsen i dag. Imponerande av 04 jentene som alle bidrog på ein framifrå måte, med ein tøff kamp i går i beina!

Godt kjempa i mange tøffe duellar i dag, både framover og bakover på bana.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse