Jentelaget med seier over Høyang og Askvoll/Holmedal

Bilde: Frå kampen mot Askvoll/Holmedal mandag. Foto: Ludvik Slettehaug.

Tambar sitt J15/17 lag har møtt både Høyang og Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion den siste tida. Refferata frå kampane les du under.

Naustdal stadion 11/6-18

Ny heimekamp for J15/17 i 7ar fotball. Som sist, mot Hyllestad/Lavik, vart det spenning og nervøst i 1. omgang. Og som sist så snudde det i den 2. omgangen.

Mange tilskodarar i sola.

(Note to self: Husk å seie til Frank at det hadde vore fint med ei lita tribune på hi sia, der det er sol. I andre etasje kan det, ved sida av loungen, være eit lite presserom som gir gode forhold for kampreferentar og presse. Gjerne ein god stol også. Prøv i alle fall å selje inn ideen).

J15/17 avd 2

Tambar  - Askvoll/Holmedal/Atløy 7 - 2 (1-2)

1 -0 Victoria 
1-1 A/H/A
1-2 A/H/A
2-2 Una 
2-3 Una 
2-4 Fride 
2-5 Trine
2-6 Fride 
2-7 Fride 

Dommar: Benjamin Gauksrud. Meget god kamp av kveldens dommar (Som også stod for kveldens vesle moroinnslag, kjem tilbake til det)

Etter omberamming av kampen og ein prosess der vi gjekk frå midtvekekamp i Askvoll, til å ønske velkommen til måndagskamp i Naustdal, var det på nytt klart for 7ar kamp for jentelaget. Ikkje akkurat det jentene på førehand likar best å spele. Men etter ein litt tung start på kampen, losna 7ar fotballen skikkeleg. Kanskje jentene trengte ein omgang for å riste av seg tunge og slitne bein etter turnering i skuletida?

Tidleg i omgangen etablerte tambar seg på motstandarens banehalvdel. Sjansane kom etter kvart og det vart spelt gjennom på sidene og ein kom til fleire innlegg. Etter ca 10 min samarbeida tambar fint på venstresida. Trine og Fride slo ball til kvarandre og når innlegget kom kjapt og presist, var dei grøne utspelt på venstresida. Åpent for Victoria som lukta situasjonen, kontrollerte ballen over på godfoten og gav heimelaget ledelsen med ei god avslutning mellom keeper og stanga. Supert og effektivt angrep. Etter dette fulgte ei rekke med gode tambarsjansar, utan utteljing. Istadenfor kom AHA sterkt tilbake og fekk 2 mål utover i omgangen. Litt upresist og ikkje heilt våkent av heimelaget i ein periode, dette saman med litt omrokkeringar i laget pga ei skade gav AHA rom og muligheiter. Med god utteljing, kunne bortelaget gå til pause med leiing 1-2. Heilt på tampen hadde Tambar to store sjansar som begge traff i metallet. Litt meir kriging på sjanse nr 2, så kunne ballen fint ha blitt tuppa i mål, då den datt ned mellom keeper og det opne målet.

I 2. omgang såg vi eit nytt tambarlag. Kva skjedde eigentleg? Var det pausepraten til Tore og Ann-Kristin, var det frukt og drikke, var det rett og slett eit lag som bestemte seg for å gi litt ekstra gass? Samma det eigentleg. Vi har sett det før av jentelaget i gult. Litt motgang og stang ut kan tenne dei skikkeleg.

Så kort fortalt. Det blei ein festforestilling. Tidleg og hardt oppe i duellane og jentene gav motstandaren lite tid og rom til å spele. Framover eksploderte det når sjansane kom. Først to mål av Una, ei kontrollert og kontant plassert heading, så avslutning langs bakken. Vidare i omgangen netta Fride 3 gangar og Trine 1 gang. Flotte prestasjonar og godt jobba (Underteikna vart litt distrahert undervegs og måtte prate litt med folket på stadion i denne kampen, derfor noko mangelfult ang detaljar kring scoringane)

Bakover såg vi eit raskt og effektivt forsvar som plukka ned ball, takla og gjorde jobben lett for keeper. Stine var våken på dei få angrepa som kom og var mellom anna fint ute og hindra ein mogeleg sjanse for ein AHA spelar som vart spelt gjennom på sida. Men høgt press og god innsats og løpskraft på midten, stoppa også mykje av det gjestane prøvde å få til. Noterte også 4-5 store målsjansar som vart stoppa av gjestane sin keeper.

Solid 2. omgang. Onsdag om ei veke er det avslutning av vårsesongen med kamp mot Førde, i Naustdal. To gode treningar før det og med senka skuldrar etter oppvisninga i kveld. Trur det kan bli ein skikkeleg spennande kamp mot naboklubben. Møt opp!

PS
Dommar Benjamin er tidlegare nevnt. Kald og roleg, trygg leiing av kampen. Må trekke fram ei lita hending frå 1. omgang. Godt plassert ser Benjamin ein tambarspelar bli takla. Dommaren reagerer og vi ser at han er sikker og peikar mot der forseelsen skjedde. Fløyta er samtidig på veg for å lage lyd. I siste sekund oppdagar han at han held den feil veg, og prøver å snu den for å kunne lage lyd. Klarer det til slutt. Eitt langt sekund og så herleg å høyre lyden av fløyta til slutt

Bilde: Pause i kampen mot Askvoll/Holmedal på mandag.

 

Naustdal stadion 6/6-18

Naustdal stadion bada i sol, gule Tambarjenter mot dei raude gjestane frå Høyang, fin temperatur og kaffi og sveler i kiosken. Onsdagskamp med fart, spenning og tette duellar. Kan ein ha det betre, nei. Og så den store helten då sjølvsagt....

J 15/17 9/7ar avd 2

Tambar  - Høyang 4-3 (1-2)
0-1 Høyang
1-1 Victoria
1-2 Høyang
1-3 Høyang
2-3 Trine
3-3 Agathe 
4-3 Agathe

God dommar: Tristan Bergby Carlsen

Høyang starta best i denne kampen. Dei spelar 7ar fotball til dagleg og var flinke til å flytte laget sitt framover og bakover på bana. Bortelaget tok ei relativt tidleg leiing, før Tambarjentene kom skikkeleg i gang. Litt høge skuldrar, på ei mindre bane enn vanleg, prega heimelaget litt. Innimellom fekk vi sjå fint spel og gode forsøk på passningar gjennom Høyang sitt forsvar. Ved eitt høve kombinerte Fride og Trine vakkert ute på venstresida. Innlegget kom og vart slått perfekt gjennom feltet der Victoria til slutt kunne banke inn utlikninga. Flott gjort og godt samspel.

No pressa Tambar på og kom til mange avslutningar. Tett forsvar, og litt unøyaktigheit i avslutningane, gjorde at det ikkje vart mål. Istadenfor var det Høyang sin tur. På hjørnespark var det ingen på heimelaget som klart å hindre at ballen gjekk gjennom feltet og til slutt traff ein Tambarspelar på bakerste stolpe og i mål. Kjedeleg, men slik er fotball av og til.

1-2 stod seg til pause. Tid for drikke, frukt og den viktige pausepraten.

I 2. omgang blei kort og godt ei berg og dal bane. Høyang starta på nytt med å få utteljing på ein sjanse. Ei god avslutning vart først stoppa fint av Stine, men ballen spratt ut av hendene hennar og trilla mot mål. Verken Stine eller forsvaret kunne hindre ballen i å gå i mål. Surt å få 1-3 imot så tidleg, men for ein opptur å sjå jentene våre kjempe seg inn att i kampen.

Sakte men sikkert snudde Tambar det heile. Hard jobbing frå alle. Friske og tente innbyttarar som gav maks når dei kom inn og bidrog saman med resten til jevnt press mot Høyang sitt mål. Elise og Fride jobba hardt på topp gjennom kampen og med eit forsvar som turte å stå ganske høgt gav det resultat. Først Trine som sette inn reduseringa frå kort hold. Så Agathe som først utlikna og til slutt banka inn ledarmålet. For ein snuoperasjon!

Ca 10 min att. Skulle det holde. Frustrerande for bortelaget sjølvsagt men dei klarte ikkje å komme til så mange avslutningar. Godt jobba av Tambarjentene som kontrollerte inn og fortjent kunne innkassere tre poeng. Imponerande forestilling på stadion i kveld, hard jobbing og trenarar og spelarar som saman snudde ein vanskeleg kamp til sin fordel. Fest blei det, for oss tilskodarar i sola på Naustdal stadion i kveld.

Så var det helten då. I kveld var det ein som utmerka seg på ein heilt fantastisk måte på stadion. Kveldens dommar, Tristan Bergby Carlsen, gjorde ein strålande jobb. Utan dei unge og flotte dommarane i vår eigen og andre klubbar, kan vi ikkje holde på med denne flotte aktiviteten. I tillegg til skule, trening, eigne kampar osv, tek Tristan og dei andre på seg oppdraget og den svarte drakta, og gir sitt beste for at vi kan invitere gjestande lag eller reise bort for å spele fotball. Alle veit at det er krevjande å gå åleine ute på ei fotballbane og forsøke å halde oversikt over alt som skjer. Alle veit at ingen dommar, spelar eller trenar kan levere 100 % feilfritt i kvar kamp. Tristan gjorde ein strålande jobb i går og får med dette "prisen " som kveldens helt. Takk for dømminga di.

Og så vil eg slå eit slag for at vi som lag, med spelarar, trenarar, lagleiarar og foreldre, alltid huskar og takke dommarane vi møter for kampen. Undervegs, og i kampens hete, skal det vere litt trøkk og ueinigheiter. Men behandlar vi dommarar og motstandarar med respekt og på ein høfleg måte, blir vi eit lag som det er kjekt og fair og spele mot. Det er fair play og må alltid ligge i botnen om vi skal motivere dommarar til å ta oppdraget kvar gang. Og så blir det stort sett alltid kjekkare å spele fotball.

PS Flott gjort av kaptein Una, på eige initiativ, og ta med seg laget bort til skuffa høyangspelarar for å takke for kampen!

Begge refferata: Ludvik Slettehaug.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse