Stang ut og tap for jentene i Hyllestad

Bilde: Agathe i kampen mot Gaular tidligare i vår.

Tambar og Hyllestad hadde kvar sin omgang i sommarvarmen, der heimelaget var dei mest effektive.

Sol, varmt og vindstille ved kysten denne maikvelden. Begge lag kjempar i toppen av ein jamn avdeling og difor var det knytt stor spenning til denne kampen. Varmen sette nok litt preg på prestasjonane på bana, men til tross for dette vart det lagt ned ein enorm innsats av jentene.

J 15/17 9/7ar avd 2
Hyllestad kunstgras

Hyllestad/Lavik - Tambar 4-1 (0-1)
0-1 Una 
1-1 Hyllestad/Lavik
2-1 Hyllestad/Lavik
3-1 Hyllestad/Lavik
4-1 Hyllestad/Lavik

Laga hadde på mange måtar ein god omgang kvar. I starten var Hyllestad offensive og overraska bortelaget med eit gjennomspel. Stine kom tidsnok ut og avverga ein klar målsjanse for heimelaget sin spiss. Etter det vanlege åpningssjokket vakna heldigvis tambarjentene og fekk flytta laget og spelet over på motstandaren sin halvdel. Fleire gode angrep og spel på sidene førte til halvsjansar og hjørnespark. På desse dødballane kom tambar til gode avslutningar. Etter ca 10 min fekk Una tatt kontroll på ballen i forsvar. Ho førte den over midten og fekk rom nok framfor seg til å kunne avansere halvegs inn på motstandarane sin halvdel. Like greitt å avslutte, tenkte sikkert Una, og med godt treff gjekk ballen i ei perfekt bue over og bak ein utspelt keeper. Flott mål!

Med leiinga i boks pressa Tambar vidare. Hyllestad/Lavik slo mykje langt framover og prøvde å utfordre med løp mot mål. Tambar forsvarte seg bra mot dette og hadde jevnt press framover. 3-4 gode målsjansar til tross, fleire mål vart det ikkje for tambar i denne omgangen. Heilt mot slutten var heimelaget farleg framme og kom til ein god sjanse ved å slå hardt inn mot bakerste stolpe.

Andre omgang starta som første. Hyllestad kjem best ut og nesten direkte etter avspark er dei framme på høgresida. Forsvaret er litt på etterskot og med ein god avslutning ser vi ballen gå i ei bue over Stine og dale ned i lengste hjørne. Etter dette bølga spelet fram og tilbake med sjansar begge vegar. Hyllestad/Lavik med langt meir trøkk i duellane og tambar som prøvde å spele seg gjennom til sjansar. I denne perioden var det tett kamp og spenning. Noko frustrasjon spredde seg også i bortelaget i forbindelse med enkelte offsidesituasjonar der heimelaget ikkje vart blåst av. På det mest intense vart det blåst til drikkepause. Godt å få kjølt seg ned litt!

Etter drikkepausen var tambar gode og kom til store sjansar. Litt uheldige i avslutningsøyeblikket og ein god keeper stoppa alt av tambar sine sjansar. Etter ei avslutning over kom heimelaget framover i neste angrep og vant til slutt duellen mot Stine som var ute for å avverge. Ballen trilla mot målet og sjølv med eit iherdig forsøk frå ei tambarjente på å stoppe den frå å trille heilt inn, gjekk ballen i mål. Kampen var snudd og no såg ikkje heimelaget seg tilbake. Dei pressa på og fekk utteljing på eit hjørnespark samt eit siste mål etter mykje ball fram og tilbake inne på 5 meter. Tambar gav ikkje opp men i denne omgangen vart det rett og slett ikkje utteljing.

Sjølv om det vart tap denne gangen så kjempa jentene godt i varmen. Eigentleg ein god kamp av våre jenter mot eit sterkt og noko eldre jentelag frå Hyllestad/Lavik. Mange nok sjansar til å kunne klare poeng og til og med vinne denne kampen, men det gjekk i favør av heimelaget denne gangen. Sikker på at dette gir god motivasjon til å komme sterkt tilbake i neste kamp heime mot Høyang kommande veke.

Jamn og spennande jenteavdeling der Gaular, Hyllestad/Lavik, Tambar og Askvoll/Holmedal alle kjempar i toppen. All grunn til å møte opp for å hjelpe jentene våre fram i dei neste kampane.

Resultat og Tabell

Ref: Ludvik Slettehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse