Tambar vann etter thriller-avslutning

Bilde: Una scorer her seiersmålet minuttet før kampslutt mot Gaular.

Una sette inn det avgjerande målet like før slutt, då Tambar J15/17 vann toppkampen mot Gaular.

Jenter 15/17 9er

Tambar-Gaular 2 6-4 (3-1)

0-1 Gaular 
1-1 Fride
2-1 Victoria 
3-1 Amalie
4-1 Agathe 
4-2 Gaular 
5-2 Una 
5-3 Gaular 
5-4 Gaular
5-5 Gaular 
6-5 Una

God dommer (og bursdagsbarn): Svein Arne Nordheim

Troppen til Tambar: Julie, Cerina, Una, Henriette, Trine, Elise, Agathe, Victoria, Amalie, Ingrid-Marie, Fride, Guro og Mathea.


Bilde: Una har nettopp hedda ballen, som er på veg mot krysset.
- Fleire bilder finn du nederst i innlegget -

Halvvegs ut i vårsesongen var det i kveld klart for toppkamp i avdelinga til Tambar sitt jentelag. Gaular 2 hadde så langt ikkje avgitt poeng i sine kampar og med tilsvarande resultat for Tambar, ville dei gule med siger kunne klatre opp på lik poengsum som Gaular. Spenning, krig og mykje god fotball vart det for kveldens publikum.

Gaular opna best og tok leiinga før minuttet var spelt. Heldigvis våkna heimelaget av dette og etter å ha rista av seg sjokket, så pressa Tambar meir og meir mot Gaular sitt mål.
Etter eit angrep med 3-4 avslutningar inne på Gaular sin 5 meter,var det til slutt Fride som fekk plassert ballen i mål. Ikkje lenge etter var Victoria våkent på bakerste stolpe og traff godt på si avslutning. Kontant i mål til 2-1.
Vidare i omgangen varta Tambar opp med aggressivt press og kom til mange sjansar. Gaular kom ikkje til med mykje spel, og vart ofte stoppa av offside eller kontant forsvasspel.

Mot slutten av omgangen fekk Amalie rom og tid nok til å vende opp framfor motstandar sitt mål. Perfekt utført av spissen som på halvspretten klinka ballen i mål. Vakkert. Tambar kunne dermed gå til pause med 3-1.

Omgang 2 starta med spel som bølga fram og tilbake. Gaular litt tøffare i duellane og Tambar som ville mykje framover. Etter kvart var det Agathe sin tur til å treffe bra frå distanse. Ho la ballen til rette og fekk avslutta forbi forsvararen framfor ho. Skotet gjekk langs bakken og ned i høgre hjørne. Like etter var ho nære på å score på nytt, etter å ha fanga opp ein retur etter avslutning frå Fride. Ein såkalla 100% sjanse der ballen berre skulle plasserast mellom stengene. Slik gjekk det ikkje denne gangen desverre.

Ikkje lenge etter kom Gaular framover og reduserte til 4-2. Så skjedde det mykje dei siste 10 minutta.
Amalie stod bak fleire gode hjørnespark og på eitt av dei spratt ballen til slutt opp framfor Una. Det lukta mål og med eit kontrollert hovudstøt satt mål nummer 5 for Tambarjentene. I ein siste sluttspurt våkna no Gaular. To raske mål av bortelaget gav ny spenning. Tambar blei pressa meir bakover men kom også fint framover med gode innlegg frå kantane. Ca fem minutt att av kampen kom den sure utlikninga. God periode av bortelaget gav bortefansen noko å juble for, og laget frå Gaular ville meir såg det ut til. Heldigvis får vi seie, for dette gav også rom framover for tambarjentene.

Innlegg og avslutning frå Victoria mellom anna og etter kvart eit nytt hjørnespark frå Amalie. Spenninga var til å ta og føle på. Amalie legg ballen klar. Litt ute og bak i feltet startar ei av Tambarjentene eit løp inn mot mål. Ballen blir slått høgt inn mot 5 meter. Der stig Una høgt over alle og i det ho når opp i dei siste solstrålane over stadion, set ho panna på ballen som susar i nettet. For ei avslutning på kampen!

Heldigvis for våre jenter holdt dette heilt inn. Kjempekamp av våre jenter som mot eit noko eldre og godt Gaularlag, viste den innsatsen og viljen som må til for å vinne slike tette kampar. Som Una sa det etter kampslutt, med blodig kne og etter å ha putta vinnarmålet. "Eg var så sur at den ballen skulle berre i mål"!! Det hjalp.

Flott fotballkamp av heile laget som kjempa saman både på bana og på sidelinja. Gratulerer til jentene og trenarteam. Og ekstra gratulerer med dagen til bursdagsbarnet Ann-Kristin.

Ref.: Ludvik Slettehaug

PS. Etter kampen i kveld, tikkar det inn ein sms til leiar i Tambar Fotball, frå trenaren til Gaular J15/17:
" Eg er imponert over laget til Tambar, som stort sett er eit år yngre enn vårt.Skryt også til heile Tambarskjelvar. Alltid kjekt å kome på kamp i Naustdal. Hjelpsome kampvertar, engasjert og sakleg publikum og gode og rettferdige dommarar. Fortset det gode arbeidet. Mvh John Søgnen."

 

Bilder frå kampen Tambar-Gaular 2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse